oppnett.no

Nettsted for skoler og barnehager

Lokale lenker
Planer:
Kunnskapsløftet
Rammeplan for barnehager
Læreplan i norsk og samfunnskunnskap for utlendinger
Lover:
Barnehageloven
Opplæringslova
Privatskolelova
Voksenopplæringsloven
Forskrifter til:
Barnehageloven
Opplæringslova
Privatskolelova
Voksenopplæringsloven
Forskrifter om:
Miljørettet helsevern i skole og barnehage
Opplæring i norsk og samfunnskunnskap for nyankomne innvandrere
Privatskolelova
  
  
Kapittel 7.
Diverse


§ 7-1. Budsjett, rekneskap og rapportering
Skolane skal følgje Rekneskapsloven og Bokføringsloven og ha revisjon i samsvar med Revisorloven. Skolane må leggje fram budsjett og revidert rekneskap etter forskrift fastsett av departementet.
Departementet kan gi forskrift om krav til rapportering av informasjon om ressursbruk og tenesteproduksjon til bruk i nasjonale informasjonssystem.

§ 7-1a. Om reklame i skolen
Skolen skal sørgje for at elevane ikkje blir utsette for reklame som er eigna til å skape kommersielt press, eller som i stor grad kan påverke holdningar, åtferd og verdiar, mellom anna på skolens område, i lærebøker eller andre læremiddel som blir nytta i opplæringa. Departementet kan gi nærmare forskrifter.

§ 7-1b. Plikt for skolen til å sørgje for ulykkesforsikring
Skolen pliktar å sørgje for ulykkesforsikring for elevane. Departementet kan gi nærmare forskrift om ulykkesforsikring.

§ 7-1c. Plikt for skolen til å ha ei ordning med gratis frukt og grønsaker
Skolen skal gi elevane gratis frukt og grønsaker. Departementet kan gi nærmare forskrifter om ansvaret for ordninga og omfanget av plikta.

§ 7-2. Tilsyn m.m.
Departementet fører tilsyn med skolar godkjende etter denne lova og skal i den samanheng ha tilgjenge til skoleanlegg og dokumentasjon.
Ved opphør av skoledrifta kan departementet i alle tilfelle krevje tilbakeført gjenståande midlar som skriv seg frå det offentlege tilskotet.
Departementet kan gi forskrift som pålegg dei ansvarlege for opplæringsverksemda og dei som mottar opplæring, å gi opplysningar og delta i evalueringar og rapportere om forhold som er av betydning for evaluering av opplæringsverksemda.

§ 7-2a. Moglege reaksjonsformer
Dersom det blir oppdaga forhold i strid med denne lova, i strid med forskrifter gitt med heimel i lova eller i strid med føresetnadene for godkjenninga, kan departementet gi pålegg om å rette på forholda.
Departementet kan halde attende tilskotet eller dra godkjenninga attende dersom vilkåra i denne lova, vilkår i forskrifter gitt med heimel i lova eller føresetnadene for godkjenninga ikkje blir fylte. Departementet kan òg krevje attende for mykje utbetalt tilskot, og tilskotsmidlar som er brukte i strid med denne lova, i strid med forskrifter gitt med heimel i lova eller i strid med føresetnadene for godkjenninga.
Første og andre ledd gjeld også dersom det er oppdaga forhold i strid med andre lover og forskrifter, og forholdet svekker tilliten til skolen.

§ 7-3. Teieplikt
Reglane om teieplikt i Forvaltningslova gjeld ved behandling av saker etter denne lova.

§ 7-4. Opplysningsplikt til barneverntenesta
Personalet i skolar etter denne lova skal i arbeidet sitt vere på vakt overfor forhold som kan føre til tiltak frå barneverntenesta.
Utan hinder av teieplikta skal personalet av eige tiltak gi opplysningar til barneverntenesta når det er grunn til å tru at eit barn blir mishandla i heimen, eller når det ligg føre andre former for alvorleg omsorgssvikt, jf. Barnevernloven §§ 4-10 til 4-12, eller når eit barn har vist vedvarande alvorlege åtferdsvanskar, jf. § 4-24 i den same lova. Også etter pålegg frå dei organa som er ansvarlege for å gjennomføre Barnevernloven, skal personalet gi slike opplysningar.

§ 7-5. Opplysningsplikt til sosialtenesta
Personalet i skolar etter denne lova skal i klientsaker gi råd og rettleiing til sosialtenesta. Personalet skal vere på vakt overfor forhold som bør føre til tiltak frå sosialtenesta, og skal av eige tiltak gi sosialtenesta opplysningar om slike forhold. Av eige tiltak kan opplysningar berre givast med samtykke frå eleven, eventuelt frå foreldra, eller så langt opplysningane elles kan givast utan hinder av teieplikta.

§ 7-6. Straffeansvar
Dersom ein elev i grunnskolen utan å ha rett til det har fråvær frå den pliktige opplæringa, kan foreldra eller andre som har omsorg for eleven, straffast med bøter dersom fråværet kjem av at dei har handla forsettleg eller aktlaust. Offentleg påtale blir ikkje reist utan når kommunen set fram krav om slik påtale.

Innhold
 
Kapittel 1. Formålet med og verkeområdet for lova
 
Kapittel 2. Godkjenning med rett til statstilskot
 
Kapittel 3. Elevane
 
Kapittel 4.
Personalet i skolen
 
Kapittel 5.
Styrings- og rådsorgan
 
Kapittel 6. Offentlege tilskot og skolepengar m.m.
 
Kapittel 6A. Vidaregåande skolar som gir yrkesretta opplæring som ikkje blir gitt ved vidaregåande offentlege skolar
 
Kapittel 7. Diverse
 
Kapittel 8. Sluttføresegner