oppnett.no

Nettsted for skoler og barnehager

Lokale lenker
Planer:
Kunnskapsløftet
Rammeplan for barnehager
Læreplan i norsk og samfunnskunnskap for utlendinger
Lover:
Barnehageloven
Opplæringslova
Privatskolelova
Voksenopplæringsloven
Forskrifter til:
Barnehageloven
Opplæringslova
Privatskolelova
Voksenopplæringsloven
Forskrifter om:
Miljørettet helsevern i skole og barnehage
Opplæring i norsk og samfunnskunnskap for nyankomne innvandrere
Privatskolelova
  
  
Kapittel 6A.
Vidaregåande skolar som gir yrkesretta opplæring som ikkje blir gitt ved vidaregåande offentlege skolar


§ 6A-1. Godkjenning
Allereie godkjende skolar, som gir yrkesretta opplæring som ikkje blir gitt ved offentlege vidaregåande skolar og som var i drift innan utgangen av 2007, har rett til statstilskot og til å drive verksemd etter lova. Departementet kan godkjenne driftsendringar og nye skolar. For skolar som er godkjende etter føresegna her, gjeld reglane i dette kapitlet.
Departementet kan i forskrift fastsetje fristar i samband med søknad om driftsendringar.

§ 6A-2. Krav til innhald og vurdering i opplæringa
Skolen skal drive verksemda si etter læreplanar godkjende av departementet. Det må gå fram av planane kva slag vurderingsformer og dokumentasjon skolen skal nytte. Skolen skal ha læreplanar som er på nivå med planar for offentleg vidaregåande opplæring. Opplæringa skal vere på norsk eller samisk. I samband med godkjenninga fastset departementet kva for tilbod skolen kan gi, og maksimalt elevtal på det einskilde tilbodet.
Departementet kan gi forskrift om vurdering av elevar, klage på vurdering, eksamen og dokumentasjon.

§ 6A-3. Inntak av elevar
Skolane skal ha heile landet som inntaksområde. Dei skal stå opne for alle som fyller vilkåra for inntak i offentlege skolar.
Ved inntak skal ungdom med rett til vidaregåande opplæring etter Opplæringslova § 3-1 prioriterast føre vaksne søkjarar med rett til vidaregåande opplæring etter Opplæringslova § 4A-3. Skolane kan også ta inn vaksne søkjarar utan rett til vidaregåande opplæring.
Skolane skal ha eit inntaksreglement som viser prioriteringa av søkjarar, dersom søkinga er større enn kapasiteten til skolen. Reglementet skal innehalde reglar for prioritering ut frå saklege omsyn. Inntaksreglementet skal liggje innanfor den avgrensinga som følgjer av første og andre ledd. Skolen avgjer i samsvar med reglementet kven av søkjarane som skal takast inn.
Departementet kan gi forskrifter om inntak av utanlandske søkjarar.
Ved avgjerd etter desse reglane gjeld forvaltningslova. Avgjerd om inntak er enkeltvedtak, jf. Forvaltningslova § 2. Departementet er klageinstans.

§ 6A-4. Kompetansekrav til undervisningspersonalet
For undervisningspersonalet ved skolar godkjende etter § 6A-1, fastset styret krav til kompetanse, dersom departementet i det einskilde tilfellet ikkje har fastsett noko anna.
Dersom det ikkje er søkjarar som fyller kompetansekrava etter første ledd, kan andre tilsetjast mellombels. Med mindre det er avtalt ein kortare tilsetjingsperiode, skal tilsetjinga vare til og med 31. juli.
Ved tilsetjing gjeld Arbeidsmiljøloven §§ 13-3 og 13-4 og Diskrimineringsloven §§ 4 og 7.

§ 6A-5. Lønns- og arbeidsvilkår
Ved skolar godkjende etter § 6A-1 fastset styret lønns- og arbeidsvilkåra.

§ 6A-6. Bortvising
Skolen kan fastsetje i ordensreglementet at elevar som alvorleg eller fleire gonger bryt reglementet, kan visast bort frå undervisninga. Elevar kan visast bort i inntil fem dagar. Den daglege leiaren av skolen vedtek sjølv bortvising etter å ha rådført seg med lærarane til eleven.
Når ein elev vedvarande har vist ei framferd som i alvorleg grad går ut over orden og arbeidsro på skolen, eller når ein elev alvorleg forsømmer pliktene sine, kan eleven etter vedtak av styret visast bort frå resten av det kurset eleven er teken inn på.
Før det blir gjort vedtak om bortvising, skal skolen vurdere andre hjelpe- eller refsingstiltak.
Ved avgjerd etter desse reglane gjeld Forvaltningslova. Avgjerd om bortvising er enkeltvedtak, jf. Forvaltningslova § 2. Departementet er klageinstans.

§ 6A-7. Andre føresegner
For skolar som er godkjende etter § 6A-1 gjeld
§ 1—1.
om formålet med lova
§ 1—2.
om verkeområdet
§ 2—2.
om krav til verksemda til skolen
§ 2—4.
om krav til skoleanlegg og skolemiljø
§ 3—3.
tredje ledd om skolegangen, jf. § 6A-6
§ 3—4.
om tilpassa opplæring og organisering av elevane i grupper, med unntak av tredje ledd
§ 3—8.
om om helsetilsyn
§ 3—9.
om ordensreglement og liknande
§ 3—11.
om rådgiving
§ 4—1.
om leiing
§ 5—1.
om styret, med unntak av bokstavane a) og c)
§ 5—2.
om styret sine oppgåver, med unntak av bokstavane a) og e)
§ 5—3.
om elevråd, med unntak av første ledd første og andre punktum
§ 7—1.
om budsjett, rekneskap og rapportering
§ 7—2.
om tilsyn m.m.
§ 7—2a.
om moglege reaksjonsformer
§ 7—3.
om teieplikt
§ 7—4.
om opplysningsplikt til barneverntenesta
§ 7—5.
om opplysningsplikt til sosialtenesta.

§ 6A-8. Offentlege tilskot og skolepengar m.m.
Alle offentlege tilskot og skolepengar frå elevane skal kome elevane til gode. Dette inneber mellom anna at skolen ikkje kan
a)
gi utbytte eller på annan måte overføre overskot til eigarane eller deira nærståande, verken når skolen er i drift eller når drifta blir nedlagd
b)
pådra seg kostnader i form av leigeutgifter for eigedom eller lokale som tilhører skolens eigarar eller deira nærståande, eller på annan måte pådra seg kostnader som kan innebere at alle offentlege tilskot eller eigendelar frå elevane ikkje kjem elevane til gode.
Departementet kan gi nærare forskrift om forbod mot utbytte eller anna overføring som nemnt i bokstav a.
Skolane får statstilskot til godkjend opplæring. For skolar godkjende etter § 6A-1 blir 75 prosent av dei driftsutgiftene som kjem inn under tilskotsgrunnlaget, dekte ved statstilskot. Tilskotet blir rekna ut frå ein normalsats. Føresetnaden er at elevane får undervisning som minst svarer til eit halvt skoleår. Departementet kan gi forskrift om dokumentasjon for og om rapportering av elevtal.
Skolane kan påleggje elevane å halde seg med undervisningsmateriell og utstyr til eige bruk som opplæringa til vanleg gjer det nødvendig å ha, og dei kan krevje betaling frå elevane for utgifter til å kopiere slikt materiell. Skolane kan ikkje krevje noka form for betaling for opplæringa frå elevar eller foreldre utover det som følgjer av denne føresegna.

Innhold
 
Kapittel 1. Formålet med og verkeområdet for lova
 
Kapittel 2. Godkjenning med rett til statstilskot
 
Kapittel 3. Elevane
 
Kapittel 4.
Personalet i skolen
 
Kapittel 5.
Styrings- og rådsorgan
 
Kapittel 6. Offentlege tilskot og skolepengar m.m.
 
Kapittel 6A. Vidaregåande skolar som gir yrkesretta opplæring som ikkje blir gitt ved vidaregåande offentlege skolar
 
Kapittel 7. Diverse
 
Kapittel 8. Sluttføresegner