oppnett.no

Nettsted for skoler og barnehager

Lokale lenker
Planer:
Kunnskapsløftet
Rammeplan for barnehager
Læreplan i norsk og samfunnskunnskap for utlendinger
Lover:
Barnehageloven
Opplæringslova
Privatskolelova
Voksenopplæringsloven
Forskrifter til:
Barnehageloven
Opplæringslova
Privatskolelova
Voksenopplæringsloven
Forskrifter om:
Miljørettet helsevern i skole og barnehage
Opplæring i norsk og samfunnskunnskap for nyankomne innvandrere
Privatskolelova
  
  
Kapittel 6.
Offentlege tilskot og skolepengar m.m.


§ 6-1. Statstilskot

Godkjende skolar får statstilskot til godkjend opplæring med 85 prosent av eit tilskotsgrunnlag per elev. Til grunn for tilskotsgrunnlaget ligg gjennomsnittlege driftsutgifter per elev i den offentlege skolen. Tilskotsgrunnlaget blir korrigert for utgifter som den offentlege skolen har, men som ikkje skal inngå i tilskotsgrunnlaget. Tilskotsgrunnlaget blir rekna ut særskilt for barnesteget, ungdomssteget og dei ulike utdanningsprogramma i vidaregåande opplæring.

Grunnskolar får innarbeidd 100 prosent av gjennomsnittlege utgifter til pensjonsinnskot i offentlege skolar i tilskotsgrunnlaget. Vidaregåande skolar får innarbeidd 85 prosent av gjennomsnittlege utgifter til pensjonsinnskot i offentlege skolar i tilskotsgrunnlaget.
For grunnskolar skal det takast omsyn til skilnaden i utgifter mellom små, mellomstore og store skolar. Departementet kan gi forskrift om at det for grunnskolar i Noreg skal takast omsyn til skilnaden i utgiftene i den kommunen skolen ligg, og til utgiftene på landsbasis.
Dei særskilde skolane for funksjonshemma får likevel alle driftsutgifter dekte ved statstilskot etter ein normalsats per elev per skoleår. Departementet kan gi forskrift om tilskotsordninga for dei særskilde skolane for funksjonshemma.
Departementet kan gi forskrift om dokumentasjon for elevtal og om rapportering av elevtal.

§ 6-2. Skolepengar
Skolar som får statstilskot etter § 6-1 første ledd, kan krevje inn skolepengar. Styret fastset storleiken på skolepengane. Skolepengane kan utgjere inntil 15 prosent av tilskotsgrunnlaget, med eit beløp fastsett av departementet i tillegg for dekning av utgifter til husleige/kapitalkostnader. Departementet kan i særskilde tilfelle gjere tidsavgrensa unntak frå kravet.
Skolar som får statstilskot etter § 6-1 fjerde ledd, kan i særskilde tilfelle få dispensasjon til å krevje inn skolepengar.
Grunnskolar kan ikkje krevje noka form for betaling frå elevar eller foreldre utover det som følgjer av denne føresegna.
Vidaregåande skolar kan ikkje krevje noka form for betaling for opplæringa frå elevar eller foreldre utover det som følgjer av denne føresegna. Skolen har ansvaret for å halde elevane med nødvendige trykte og digitale læremiddel og digitalt utstyr. Elevane kan ikkje påleggjast å dekkje nokon del av utgiftene til dette utover det som følgjer av forskrift. Skolen kan påleggje elevane å halde seg med anna individuelt utstyr som opplæringa til vanleg gjer det nødvendig å ha. Departementet kan gi nærmare forskrifter.

§ 6-3. Krav til bruken av offentlege tilskot og skolepengar

Alle offentlege tilskot og skolepengar skal kome elevane til gode. Dette inneber mellom anna at skolen ikkje kan

a)

gi utbytte eller på annan måte overføre overskot til eigarane eller deira nærståande, verken når skolen er i drift eller om drifta blir nedlagd

b) pådra seg kostnader i form av leigeutgifter for eigedom eller lokale som tilhører skolens eigarar eller deira nærståande eller på anna måte pådra seg kostnader som kan innebere at alle offentlege tilskot eller eigendelar frå elevane ikkje kjem elevane til gode.
Departementet kan gi nærare forskrift om forbod mot utbytte eller anna overføring som nemnt i første ledd bokstav a.

§ 6-4. Statstilskot til kompletterande undervisning
Til statsborgarar i Noreg eller ein annan EØS-stat som er elevar ved utanlandske eller internasjonale grunnskolar i Noreg eller grunnskole i utlandet, og som ikkje er elevar ved skole som er godkjend etter lova her, kan det givast tilskot til kompletterande undervisning. Departementet kan gi nærare forskrift.

§ 6-5. Offentleg tilskot til kompletterande undervisning og skolepengar
Til statsborgarar i Noreg eller i ein annan EØS-stat som er elevar ved utanlandske eller internasjonale grunnskolar i Noreg eller i utlandet, kan det givast tilskot til kompletterande undervisning. Til statsborgarar i Noreg eller i ein annan EØS-stat som er elevar ved utanlandske eller internasjonale vidaregåande skolar i Noreg eller i utlandet, kan det givast tilskot til delvis dekning av skolepengane. Departementet kan gi forskrifter.

§ 6-6. Offentleg tilskot til skolar for funksjonshemma elevar
For grunnskolar og vidaregåande skolar for funksjonshemma blir alle driftsutgiftene dekte ved statstilskot etter ein normalsats per elev per skoleår.

Innhold
 
Kapittel 1. Formålet med og verkeområdet for lova
 
Kapittel 2. Godkjenning med rett til statstilskot
 
Kapittel 3. Elevane
 
Kapittel 4.
Personalet i skolen
 
Kapittel 5.
Styrings- og rådsorgan
 
Kapittel 6. Offentlege tilskot og skolepengar m.m.
 
Kapittel 6A. Vidaregåande skolar som gir yrkesretta opplæring som ikkje blir gitt ved vidaregåande offentlege skolar
 
Kapittel 7. Diverse
 
Kapittel 8. Sluttføresegner