oppnett.no

Nettsted for skoler og barnehager

Lokale lenker
Planer:
Kunnskapsløftet
Rammeplan for barnehager
Læreplan i norsk og samfunnskunnskap for utlendinger
Lover:
Barnehageloven
Opplæringslova
Privatskolelova
Voksenopplæringsloven
Forskrifter til:
Barnehageloven
Opplæringslova
Privatskolelova
Voksenopplæringsloven
Forskrifter om:
Miljørettet helsevern i skole og barnehage
Opplæring i norsk og samfunnskunnskap for nyankomne innvandrere
Privatskolelova
  
  
Kapittel 5.
Styrings- og rådsorgan

§ 5-1.
Styret
§ 5-2.
Styret sine oppgåver
§ 5-3.
Elevråd
§ 5-4.
Foreldreråd

§ 5-1. Styret
Som øvste ansvarlege organ skal kvar skole ha eit styre. Skolen sitt styre skal oppnemnast i samsvar med det rettsgrunnlaget skolen blir driven etter.
Rett til å vere til stades på møte i styret, til å seie meininga si og få denne tilført protokollen, har:
a.
ein representant oppnemnd av vertskommunen når det gjeld ein grunnskole, ein representant oppnemnd av fylkeskommunen når det gjeld ein vidaregåande skole,
b.
ein representant for elevrådet ved skolar som har slikt råd,
c.
ein representant frå foreldrerådet ved skolar som har slikt råd,
d.
ein representant for undervisningspersonalet ved skolen,
e.
ein representant for andre tilsette ved skolen,
f.
dagleg leiar av skolen.
Departementet kan i særskilde tilfelle og etter søknad gjere unntak frå andre ledd.
Ved handsaming av saker der det gjeld teieplikt etter lov og forskrift, skal styret sørgje for at personar med møterett som er under aldersgrensa for å vere myndige, må forlate møtet.

§ 5-2. Styret sine oppgåver

Styret har den øvste leiinga av skolen og skal sjå til at skolen blir driven i samsvar med gjeldande lover og forskrifter.

Styret skal:
a.
sjå til at elevar i opplæringspliktig alder som blir tekne inn ved skolen, får oppfylt retten til grunnskoleopplæring, og melde frå til foreldra og heimkommunen til elevar som over lengre tid ikkje møter fram til undervisninga utan lovleg grunn,
b.
fastsetje storleiken på skolepengane,
c.
vedta budsjett og rekneskap for skolen,
d.
fastsetje inntaks- og ordensreglement for skolen,
e.
fremje saker om flytting etter § 3-3 første ledd og bortvising etter § 3-10 andre ledd,
f.
ha ansvar for at skolen har ei forsvarleg økonomi- og rekneskapsforvaltning,
g.
sjå til at offentlege tilskot og skolepengar kjem elevane til gode,
h.
sjå til at offentlege krav og føresetnader for verksemda blir oppfylte.
i.
sørgje for å ha rett og nødvendig kompetanse i verksemda. Styret skal ha eit system som gir undervisningspersonale, skoleleiarar og personale med særoppgåver ved skolen høve til nødvendig kompetanseutvikling, med sikte på å fornye og utvide den faglege og pedagogiske kunnskapen og å halde seg orienterte om og vere på høgd med utviklinga i skolen og samfunnet.
j.
tilsetje dagleg leiar.
k.
drøfte den årlege rapporten om tilstanden i skolen som er utarbeidd etter tredje ledd.
Styret skal ha eit forsvarleg system for vurdering av om krava i gjeldande lover og forskrifter, og føresetnadene for godkjenninga blir oppfylte. Styret skal ha eit forsvarleg system for å følgje opp resultata frå desse vurderingane og nasjonale kvalitetsvurderingar som departementet gjennomfører med heimel i § 7-2 tredje ledd. Som ein del av oppfølgingsansvaret skal det utarbeidast ein årleg rapport om tilstanden i skolen knytt til læringsresultat, fråfall og læringsmiljø.
I andre saker enn dei som følgjer av andre og tredje ledd, kan styret med 2/3 fleirtal delegere avgjerdsretten.

§ 5-3. Elevråd
Ved grunnskolar skal det vere elevråd for årstrinna 5 - 10 med representantar for elevane. Skolen fastset talet på elevrepresentantar. Vidaregåande skolar skal ha eit elevråd på minst 5 medlemmer med varamedlemmer.
Elevrådet blir valt av elevane ved skriftleg røysting. Representantane skal veljast seinast tre veker etter at skolen har teke til om hausten.
Elevrådet skal blant anna fremje fellesinteressene til elevane på skolen og arbeide for å skape eit godt lærings- og skolemiljø.

§ 5-4. Foreldreråd
Ved kvar grunnskole skal det vere foreldreråd, der alle foreldre som har barn i skolen, er medlemmer. Foreldrerådet kan velje eit arbeidsutval.
Foreldrerådet skal fremje fellesinteressene til foreldra og medverke til at elevar og foreldre tek aktivt del i arbeidet for å skape eit godt skolemiljø. Foreldrerådet skal arbeide for å skape godt samhald mellom heimen og skolen, leggje til rette for trivsel og positiv utvikling hjå elevane og skape kontakt mellom skolen og lokalsamfunnet.

Innhold
 
Kapittel 1. Formålet med og verkeområdet for lova
 
Kapittel 2. Godkjenning med rett til statstilskot
 
Kapittel 3. Elevane
 
Kapittel 4.
Personalet i skolen
 
Kapittel 5.
Styrings- og rådsorgan
 
Kapittel 6. Offentlege tilskot og skolepengar m.m.
 
Kapittel 6A. Vidaregåande skolar som gir yrkesretta opplæring som ikkje blir gitt ved vidaregåande offentlege skolar
 
Kapittel 7. Diverse
 
Kapittel 8. Sluttføresegner