oppnett.no

Nettsted for skoler og barnehager

Lokale lenker
Planer:
Kunnskapsløftet
Rammeplan for barnehager
Læreplan i norsk og samfunnskunnskap for utlendinger
Lover:
Barnehageloven
Opplæringslova
Privatskolelova
Voksenopplæringsloven
Forskrifter til:
Barnehageloven
Opplæringslova
Privatskolelova
Voksenopplæringsloven
Forskrifter om:
Miljørettet helsevern i skole og barnehage
Opplæring i norsk og samfunnskunnskap for nyankomne innvandrere
Privatskolelova
  
  
Kapittel 4.
Personalet i skolen


§ 4-1. Leiing
Kvar skole skal ha ei forsvarleg fagleg, pedagogisk og administrativ leiing.
Skolen skal ha ein dagleg leiar.

§ 4-2. Kompetansekrav til undervisningspersonalet
For undervisningspersonalet ved skolar som er godkjende etter lova her, gjeld dei kompetansekrava som følgjer av § 10-1 i Opplæringslova med tilhøyrande forskrift.
Dersom det ikkje er søkjarar som fyller kompetansekrava etter første og andre ledd, kan andre tilsetjast mellombels. Med mindre det er avtalt ein kortare tilsetjingsperiode, skal tilsetjinga vare til og med 31. juli.

Ved tilsetjing av undervisningspersonale ved skole som er godkjend som anerkjend pedagogisk retning, kan departementet også godkjenne alternative kompetansekrav til dei som følgjer av § 10-1 i Opplæringslova med tilhøyrande forskrift. Ved tilsetjing av undervisningspersonale ved skole som er godkjend på religiøst grunnlag, kan departementet også godkjenne tilleggskompetansekrav til dei som følgjer av § 10-1 i Opplæringslova med tilhøyrande forskrift. Ved tilsetjing gjeld Arbeidsmiljøloven §§ 13-3 og 13-4 og Diskrimineringsloven §§ 4 og 7.


§ 4-3. Krav om politiattest
Den som skal tilsetjast i ein grunnskole godkjend etter lova her, må leggje fram politiattest. Attesten skal vise om vedkommande er sikta, tiltalt eller dømd for seksuelle overgrep mot barn. Personar som er dømde for seksuelle overgrep mot barn, kan ikkje bli tilsette.
Styret kan krevje politiattest etter første ledd også for andre personar som regelmessig oppheld seg i grunnskolen.
Den som skal tilsetjast i ein vidaregåande skole godkjend etter lova her, må leggje fram politiattest. Attesten skal vise om vedkomande er sikta, tiltalt eller dømd for seksuelle overgrep.
Departementet kan gi nærare forskrift.

§ 4-4. Lønns- og arbeidsvilkår
Undervisningspersonalet har rett til lønns- og arbeidsvilkår som i tilsvarande offentlege skolar.

Innhold
 
Kapittel 1. Formålet med og verkeområdet for lova
 
Kapittel 2. Godkjenning med rett til statstilskot
 
Kapittel 3. Elevane
 
Kapittel 4.
Personalet i skolen
 
Kapittel 5.
Styrings- og rådsorgan
 
Kapittel 6. Offentlege tilskot og skolepengar m.m.
 
Kapittel 6A. Vidaregåande skolar som gir yrkesretta opplæring som ikkje blir gitt ved vidaregåande offentlege skolar
 
Kapittel 7. Diverse
 
Kapittel 8. Sluttføresegner