oppnett.no

Nettsted for skoler og barnehager

Lokale lenker
Planer:
Kunnskapsløftet
Rammeplan for barnehager
Læreplan i norsk og samfunnskunnskap for utlendinger
Lover:
Barnehageloven
Opplæringslova
Privatskolelova
Voksenopplæringsloven
Forskrifter til:
Barnehageloven
Opplæringslova
Privatskolelova
Voksenopplæringsloven
Forskrifter om:
Miljørettet helsevern i skole og barnehage
Opplæring i norsk og samfunnskunnskap for nyankomne innvandrere
Privatskolelova
  
  
Kapittel 2.
Godkjenning med rett til tilskot


§ 2-1. Godkjenning av skolar
Departementet kan godkjenne private skolar og driftsendringar ved godkjende private skolar. Departementet kan godkjenne at ein grunnskole flyttar verksemda si til ein annan kommune eller at ein vidaregåande skole flyttar verksemda si til ein annan fylkeskommune. Vertskommunen eller vertsfylket skal gi fråsegn før departementet gjer vedtak i saka, og kan klage på departementet sitt vedtak. Godkjende skolar har rett til statstilskot etter § 6-1 og til å drive verksemd etter lova.
Skolane skal drive verksemda si på følgjande grunnlag:
a)
religiøst
b)
anerkjend pedagogisk retning
c)
internasjonalt
d)
særskilt tilrettelagd vidaregåande opplæring i kombinasjon med toppidrett
e)
norsk grunnskoleopplæring i utlandet
f)
særskilt tilrettelagd opplæring for funksjonshemma.
Opplæringa skal vere på norsk eller samisk. Dette kravet gjeld likevel ikkje internasjonale skolar. Viktige dokument om verksemda etter lova skal i alle høve vere tilgjengelege på norsk eller samisk.
Godkjenninga fell bort dersom ein skole ikkje startar opp verksemda si etter lova i løpet av tre skoleår etter at godkjenning vart gitt. Det same gjeld om drifta etter lova blir nedlagd.
Krava i andre ledd om eit særskilt grunnlag gjeld likevel ikkje allereie godkjende skolar som var i drift innan utgangen av 2007. Departementet kan berre godkjenne nødvendige driftsendringar ved skolar som ikkje oppfyller krava i andre ledd.
Departementet kan i forskrift fastsetje fristar i samband med søknader om godkjenning av private skolar.

§ 2-2. Krav til verksemda til skolen
Skolen kan ikkje drive anna verksemd enn skole i samsvar med denne lova. Skolen kan likevel drive slik anna verksemd knytt til den enkelte skolen: skolefritidsordning, internat, utleige av tenestebustader ved internatet og tilrettelegging i samband med godkjende samarbeidsprosjekt med utanlandske skolar. Departementet kan gjere unntak frå første punktum for verksemd som er nært knytt til skoleverksemda og som utgjer ein mindre del av den totale verksemda..
Skolen må være registrert i Einingsregisteret, jf. Enhetsregisterloven, eller i tilsvarande register. Før det blir gitt godkjenning etter § 2-1, må skolen dokumentere at han har ein innskotskapital som tilsvarer minimumsbeløpet i Aksjeloven § 3-1 første ledd.
Dersom ein skole har færre enn 15 elevar tre skoleår i samanheng, fell godkjenninga bort. For norske skolar i utlandet gjeld ei tilsvarande minimumsgrense på 10 elevar. Departementet kan i særskilde tilfelle gjere unntak frå minimumskrava til elevtal.

§ 2-3. Krav til innhald og vurdering i opplæringa
Skolen skal drive verksemda si etter læreplanar godkjende av departementet. Det må gå fram av planen kva slag vurderingsformer og dokumentasjon skolen skal nytte. Skolane skal anten følgje den læreplanen som gjeld for offentlege skolar, eller læreplanar som på annan måte sikrar elevane jamgod opplæring, jf. Opplæringslova § 2-1 første ledd og § 3-4 første ledd. Elles har skolen sin undervisningsfridom. I samband med godkjenninga fastset departementet kva for tilbod skolen kan gi, og maksimalt elevtal på det enkelte tilbodet.
Departementet kan gi forskrift om krav til læreplanen, vurdering av elevar, klage på vurdering, eksamen og dokumentasjon. Departementet gir forskrift om aktivitetar i grunnskolen som ikkje er opplæring i fag. Departementet kan også gi forskrift om fritak frå opplæring i sidemålet for elevar i grunnskolen som får særleg språkopplæring, om godskriving av tidlegare gjennomgått vidaregåande opplæring eller praksis, og om fritak for den praktiske delen av kompetansemåla i faget kroppsøving i den vidaregåande skolen.

§ 2-4. Krav til skoleanlegg og skolemiljø
Skoleanlegga må vere godkjende av departementet. Anlegga må liggje samla.

Opplæringslova kapittel 9a Elevane sitt skolemiljø gjeld også for skolar godkjende etter lova her. Departementet er klageinstans.


§ 2-5. Forsøksverksemd
I samband med tidsavgrensa pedagogiske eller organisatoriske forsøk kan departementet gjere unntak frå lova og forskriftene etter lova.

 


Innhold
 
Kapittel 1. Formålet med og verkeområdet for lova
 
Kapittel 2. Godkjenning med rett til statstilskot
 
Kapittel 3. Elevane
 
Kapittel 4.
Personalet i skolen
 
Kapittel 5.
Styrings- og rådsorgan
 
Kapittel 6. Offentlege tilskot og skolepengar m.m.
 
Kapittel 6A. Vidaregåande skolar som gir yrkesretta opplæring som ikkje blir gitt ved vidaregåande offentlege skolar
 
Kapittel 7. Diverse
 
Kapittel 8. Sluttføresegner