oppnett.no

Nettsted for skoler og barnehager

Lokale lenker
Planer:
Kunnskapsløftet
Rammeplan for barnehager
Læreplan i norsk og samfunnskunnskap for utlendinger
Lover:
Barnehageloven
Opplæringslova
Privatskolelova
Voksenopplæringsloven
Forskrifter til:
Barnehageloven
Opplæringslova
Privatskolelova
Voksenopplæringsloven
Forskrifter om:
Miljørettet helsevern i skole og barnehage
Opplæring i norsk og samfunnskunnskap for nyankomne innvandrere
Privatskolelova
  
  
Kapittel 1.
Formålet med og verkeområdet for lova


§ 1-1. Formålet med lova
Formålet med denne lova er å medverke til at det kan opprettast og drivast private skolar, slik at foreldre og elevar kan velje andre skolar enn dei offentlege, jf. Menneskerettsloven § 2 nr. 2.
Opplæringa ved skolar som blir godkjende etter lova her, skal ta sikte på:
a.
å utvikle personlegdommen, talentet og dei mentale og fysiske evnene til elevane,
b.
å utvikle respekt for menneskerettane, grunnleggjande fridommar og for dei prinsippa som pakta til Dei sameinte nasjonane vernar om,
c.
å utvikle respekt for foreldra og den kulturelle identiteten, språket og verdiane til eleven, for dei nasjonale verdiane i det landet der eleven bur, og respekt for kulturar som er ulike hans eller hennar eigen,
d.
å førebu eleven til eit ansvarleg liv i eit fritt samfunn i ei ånd av forståing, fred, toleranse, likestilling mellom kjønna og venskap mellom alle folkeslag, etniske, nasjonale og religiøse grupper og personar som høyrer til urfolk,
e.
å fremje respekten for naturmiljøet.
Det skal leggjast vekt på å skape godt arbeidsmiljø og gode samarbeidsformer mellom lærarar og elevar og mellom skole og heim. Alle som er knytte til skolen, skal arbeide for å hindre at elevane kjem til skade eller blir utsette for krenkjande ord eller handlingar.

§ 1-2. Verkeområdet
Lova gjeld godkjenning med rett til statstilskot for private grunnskolar og private vidaregåande skolar, og vilkår for å få slikt tilskot.

Lova gjeld ikkje skolar som er omfatta av Folkehøyskoleloven, Fagskoleloven, Voksenopplæringsloven eller skolar som driv verksemda si etter Opplæringslova § 2-12. Lova gjeld heller ikkje skolar som blir drivne av politiske grupper eller parti på partipolitisk grunnlag.

Lova gjeld ikkje fjernundervisning og kjøp av opplæringstenester.

§ 1-3. Definisjonar
Med heimkommune og heimfylke i denne lova er meint den kommunen eller fylkeskommunen som har ansvaret etter Opplæringslova §§ 13-1, 13-2 og 13-3.

§ 1-4. (Oppheva)

§ 1-5. (Oppheva)

 


Innhold
 
Kapittel 1. Formålet med og verkeområdet for lova
 
Kapittel 2. Godkjenning med rett til statstilskot
 
Kapittel 3. Elevane
 
Kapittel 4.
Personalet i skolen
 
Kapittel 5.
Styrings- og rådsorgan
 
Kapittel 6. Offentlege tilskot og skolepengar m.m.
 
Kapittel 6A. Vidaregåande skolar som gir yrkesretta opplæring som ikkje blir gitt ved vidaregåande offentlege skolar
 
Kapittel 7. Diverse
 
Kapittel 8. Sluttføresegner