oppnett.no

Nettsted for skoler og barnehager

Lokale lenker
Planer:
Kunnskapsløftet
Rammeplan for barnehager
Læreplan i norsk og samfunnskunnskap for utlendinger
Lover:
Barnehageloven
Opplæringslova
Privatskolelova
Voksenopplæringsloven
Forskrifter til:
Barnehageloven
Opplæringslova
Privatskolelova
Voksenopplæringsloven
Forskrifter om:
Miljørettet helsevern i skole og barnehage
Opplæring i norsk og samfunnskunnskap for nyankomne innvandrere
Opplæringslova
  
  
Kapittel 15.
Bruk av Forvaltningslova. Opplysningsplikt


§ 15-1. Bruk av Forvaltningslova
Forvaltningslova gjeld for verksemd som etter lova her blir driven av forvaltningsorgan, med dei særreglane som er fastsette i lova her.
Reglane om teieplikt i §§ 13 - 13e i Forvaltningslova gjeld òg for private skolar godkjende etter § 2-12 i lova her.

§ 15-2. Særlege reglar om klageinstans

Departementet er klageinstans for enkeltvedtak i grunnskolen og for enkeltvedtak om spesialpedagogisk hjelp før opplæringspliktig alder etter § 5-7. For enkeltvedtak i personalsaker gjeld likevel reglane om klageinstans i § 28 i Forvaltningslova.

Departementet er klageinstans for enkeltvedtak om inntak og spesialundervisning i den vidaregåande opplæringa, enkeltvedtak om tap av retten til vidaregåande opplæring etter § 3-8 og § 4-6, enkeltvedtak om opplæring i inntil to år ekstra etter § 3-1 femte leddet og enkeltvedtak om fysiske og psykososiale miljøforhold etter § 9a-2 og § 9a-3.

I samband med klage på inntak til vidaregåande opplæring kan departementet ikkje overprøve eit vedtak i fylkeskommunen om kva for utdanningsprogram på vidaregåande trinn 1 eller programområde på vidaregåande trinn 2 og 3, eller kva for skole ein søkjar skal takast inn på. For slike vedtak gjeld reglane om klageinstans i § 28 i Forvaltningslova. Departementet er klageinstans for enkeltvedtak om inntak til eit særskilt utdanningsprogram på vidaregåande trinn 1 på grunnlag av sakkunnig vurdering.


§ 15-3. Opplysningsplikt til barneverntenesta
Personalet i skolar etter denne lova skal i arbeidet sitt vere på vakt overfor forhold som kan føre til tiltak frå barneverntenesta.
Utan hinder av teieplikta skal personalet av eige tiltak gi opplysningar til barneverntenesta når det er grunn til å tru at eit barn blir mishandla i heimen eller når det ligg føre andre former for alvorleg omsorgssvikt, jf. §§ 4-10 til 4-12 i Lov 17. juli 1992 nr. 100 om barneverntenester, eller når eit barn har vist vedvarande alvorlege åtferdsvanskar, jf. § 4-24 i den same lova. Også etter pålegg frå dei organa som er ansvarlege for å gjennomføre Lov 17. juli 1992 nr. 100 om barneverntenester, skal personalet gi slike opplysningar.

§ 15-4. Opplysningsplikta til sosialtenesta
Personalet i skolar etter denne lova skal i klientsaker gi råd og rettleiing til sosialtenesta. Personalet skal vere på vakt overfor forhold som bør føre til tiltak frå sosialtenesta, og skal av eige tiltak gi sosialtenesta opplysningar om slike forhold. Av eige tiltak kan opplysningar berre givast med samtykke frå eleven, eventuelt frå foreldra, eller så langt opplysningane elles kan givast utan hinder av teieplikta.
Innhold
Kapittel 1.
Formål, verkeområde og tilpassa opplæring m.m.
Kapittel 2. Grunnskolen
Kapittel 3.
Vidaregåande opplæring
Kapittel 4. Vidaregåande opplæring i bedrift
Kapittel 4A.
Opplæring spesielt organisert for vaksne
Kapittel 5. Spesialundervisning
Kapittel 6. Samisk opplæring
Kapittel 7.
Skyss og innlosjering
Kapittel 8. Organisering av undervisninga
Kapittel 9.
Leiing, funksjonar, utstyr og læremiddel i skolen
Kapittel 9A.
Elevane sitt skolemiljø
Kapittel 10.
Personalet i skolen
Kapittel 11. Organ for brukarmedverknad i skolen
Kapittel 12. Organ knytte til fagopplæring i bedrift
Kapittel 13.
Ansvaret til kommunen, fylkeskommunen og staten
Kapittel 14.
Tilsyn og kontroll
Kapittel 15.
Bruk av Forvaltningslova. Opplysningsplikt
Kapittel 16. Iverksetjing og overgangsreglar. Endringar i andre lover