|
Opplæringslova |
|
|
Kapittel 14. |
Tilsyn
og kontroll |
§
14-1. Statleg tilsyn og kontroll |
Departementet gir råd og rettleiing i spørsmål
som gjeld verksemder etter denne lova og skal elles samarbeide
med kommunar, fylkeskommunar og eigarar av private skolar for
å sikre eit godt og likeverdig opplæringstilbod i
samsvar med lov og forskrifter. |
Departementet fører tilsyn med verksemder
etter denne lova og skal i den samanheng ha tilgjenge til skoleanlegg
og dokumentasjon. |
Dersom det blir oppdaga forhold som står
i strid med denne lova eller med forskrifter gitt med heimel i
lova, kan departementet gi pålegg om å rette på
forholda. |
Departementet kan gi forskrifter som pålegg
dei ansvarlege for opplæringsverksemd etter denne lova og
dei som mottar slik opplæring å gi opplysningar og
delta i evalueringar og rapportere om forhold som er av betydning
for evaluering av opplæringsverksemda som er omfatta av
denne lova. |
§
14-2. Kommunalt tilsyn med heimeopplæring |
Kommunen fører tilsyn med den pliktige opplæringa
for barn og unge som ikkje går på skole, og kan òg
kalle dei inn til særskilde prøver. Kommunen skal
krevje at barnet eller den unge skal gå i skole dersom dei
krava lova her med forskrifter stiller til heimeopplæringa
ikkje er oppfylte. |
|
|