oppnett.no

Nettsted for skoler og barnehager

Lokale lenker
Planer:
Kunnskapsløftet
Rammeplan for barnehager
Læreplan i norsk og samfunnskunnskap for utlendinger
Lover:
Barnehageloven
Opplæringslova
Privatskolelova
Voksenopplæringsloven
Forskrifter til:
Barnehageloven
Opplæringslova
Privatskolelova
Voksenopplæringsloven
Forskrifter om:
Miljørettet helsevern i skole og barnehage
Opplæring i norsk og samfunnskunnskap for nyankomne innvandrere
Opplæringslova
  
  
Kapittel 8.
Organisering av undervisninga

§ 8-1
Skolen
§ 8-2
Organisering av elevane i grupper
§ 8-3
(Opphevd)
§ 8-4
(Opphevd)

§ 8-1. Skolen
Grunnskoleelevane har rett til å gå på den skolen som ligg nærast eller ved den skolen i nærmiljøet som dei soknar til. Kommunen kan gi forskrifter om kva for skole dei ulike områda i kommunen soknar til. Kravet i § 38 første leddet bokstav c i Forvaltningslova om kunngjering i Norsk Lovtidend gjeld ikkje.
Etter søknad kan eleven takast inn på annan skole enn den eleven soknar til.
Når omsynet til dei andre elevane tilseier det, kan ein elev i særlege tilfelle flyttast til ein annan skole enn den skolen eleven har rett til å gå på etter første leddet. Før det blir gjort vedtak om å flytte ein elev, skal ein ha prøvd andre tiltak. Når det er nødvendig, kan eleven flyttast til ein skole utanfor kommunen, men ikkje slik at eleven må flytte ut av heimen eller at skoleskyssen blir uforsvarleg lang.

§ 8-2. Organisering av elevane i grupper
I opplæringa skal elevane delast i klassar eller basisgrupper som skal vareta deira behov for sosialt tilhør. For delar av opplæringa kan elevane delast i andre grupper etter behov. Til vanleg skal organiseringa ikkje skje etter fagleg nivå, kjønn eller etnisk tilhør. Klassane, basisgruppene og gruppene må ikkje vere større enn det som er pedagogisk og tryggleiksmessig forsvarleg.
Klassen eller basisgruppa skal ha ein eller fleire lærarar (kontaktlærarar) som har særleg ansvar for dei praktiske, administrative og sosialpedagogiske gjeremåla som gjeld klassen eller basisgruppa og dei elevane som er der, mellom anna kontakten med heimen.

§ 8-3.  (Opphevd)

§ 8-4.  (Opphevd)
Innhold
Kapittel 1.
Formål, verkeområde og tilpassa opplæring m.m.
Kapittel 2. Grunnskolen
Kapittel 3.
Vidaregåande opplæring
Kapittel 4. Vidaregåande opplæring i bedrift
Kapittel 4A.
Opplæring spesielt organisert for vaksne
Kapittel 5. Spesialundervisning
Kapittel 6. Samisk opplæring
Kapittel 7.
Skyss og innlosjering
Kapittel 8. Organisering av undervisninga
Kapittel 9.
Leiing, funksjonar, utstyr og læremiddel i skolen
Kapittel 9A.
Elevane sitt skolemiljø
Kapittel 10.
Personalet i skolen
Kapittel 11. Organ for brukarmedverknad i skolen
Kapittel 12. Organ knytte til fagopplæring i bedrift
Kapittel 13.
Ansvaret til kommunen, fylkeskommunen og staten
Kapittel 14.
Tilsyn og kontroll
Kapittel 15.
Bruk av Forvaltningslova. Opplysningsplikt
Kapittel 16. Iverksetjing og overgangsreglar. Endringar i andre lover