oppnett.no

Nettsted for skoler og barnehager

Lokale lenker
Planer:
Kunnskapsløftet
Rammeplan for barnehager
Læreplan i norsk og samfunnskunnskap for utlendinger
Lover:
Barnehageloven
Opplæringslova
Privatskolelova
Voksenopplæringsloven
Forskrifter til:
Barnehageloven
Opplæringslova
Privatskolelova
Voksenopplæringsloven
Forskrifter om:
Miljørettet helsevern i skole og barnehage
Opplæring i norsk og samfunnskunnskap for nyankomne innvandrere
Opplæringslova
  
  
Kapittel 5.
Spesialundervisning


§ 5-1. Rett til spesialundervisning
Elevar som ikkje har eller som ikkje kan få tilfredsstillande utbytte av det ordinære opplæringstilbodet, har rett til spesialundervisning.
I vurderinga av kva for opplæringstilbod som skal givast, skal det særleg leggjast vekt på utviklingsutsiktene til eleven. Opplæringstilbodet skal ha eit slikt innhald at det samla tilbodet kan gi eleven eit forsvarleg utbytte av opplæringa i forhold til andre elevar og i forhold til dei opplæringsmåla som er realistiske for eleven. Elevar som får spesialundervisning, skal ha det same totale undervisningstimetalet som gjeld andre elevar, jf. § 2-2 og § 3-2.

§ 5-2. (Opphevd)

§ 5-3. Sakkunnig vurdering
Før kommunen eller fylkeskommunen gjer vedtak om spesialundervisning etter § 5-1 eller vedtak om spesialpedagogisk hjelp etter § 5-7, skal det liggje føre ei sakkunnig vurdering av dei særlege behova til eleven. Vurderinga skal vise om eleven har behov for spesialundervisning, og kva for opplæringstilbod som bør givast.
Den sakkunnige vurderinga skal blant anna greie ut og ta standpunkt til
eleven sitt utbytte av det ordinære opplæringstilbodet.
lærevanskar hjå eleven og andre særlege forhold som er viktige for opplæringa.
realistiske opplæringsmål for eleven.
om ein kan hjelpe på dei vanskane eleven har innanfor det ordinære opplæringstilbodet.
kva for opplæring som gir eit forsvarleg opplæringstilbod.
Departementet kan gi nærmare forskrifter om den sakkunnige vurderinga.
Dersom vedtaket frå kommunen eller fylkeskommunen avvik frå den sakkunnige vurderinga, skal grunngivinga for vedtaket blant anna vise kvifor kommunen eller fylkeskommunen meiner at eleven likevel får eit opplæringstilbod som oppfyller retten etter § 5-1 eller § 5-7.

§ 5-4. Nærmare om saksbehandlinga i samband med vedtak om spesialundervisning
Eleven eller foreldra til eleven kan krevje at skolen gjer dei undersøkingar som er nødvendige for å finne ut om eleven treng spesialundervisning, og eventuelt kva opplæring eleven treng. Undervisningspersonalet skal vurdere om ein elev treng spesialundervisning, og melde frå til rektor når slike behov er til stades.
Før det blir gjort sakkunnig vurdering og før det blir gjort vedtak om å setje i gang spesialundervisning, skal det innhentast samtykke frå eleven eller frå foreldra til eleven. Med dei avgrensingane som følgjer av reglane om teieplikt og § 19 i Forvaltningslova, har eleven eller foreldra til eleven rett til å gjere seg kjende med innhaldet i den sakkunnige vurderinga og til å uttale seg før det blir gjort vedtak.
Tilbod om spesialundervisning skal så langt råd er, formast ut i samarbeid med eleven og foreldra til eleven, og det skal leggjast stor vekt på deira syn.

§ 5-5. Unntak frå reglane om innhaldet i opplæringa
Reglane om innhaldet i opplæringa i denne lova og i forskrifter etter denne lova gjeld for spesialundervisning så langt dei passar. For elev som får spesialundervisning, skal det utarbeidast individuell opplæringsplan. Planen skal vise mål for og innhaldet i opplæringa og korleis ho skal drivast. Også avvikande kontraktsvilkår for lærlingar kan fastsetjast i den individuelle opplæringsplanen.
Skolen skal kvart halvår utarbeide skriftleg oversikt over den opplæringa eleven har fått, og ei vurdering av utviklinga til eleven. Skolen sender oversikta og vurderinga til eleven eller til foreldra til eleven og til kommunen eller fylkeskommunen.

§ 5-6. Pedagogisk-psykologisk teneste
Kvar kommune og kvar fylkeskommune skal ha ei pedagogisk-psykologisk teneste. Den pedagogisk-psykologiske tenesta i ein kommune kan organiserast i samarbeid med andre kommunar eller med fylkeskommunen.
Tenesta skal hjelpe skolen i arbeidet med kompetanseutvikling og organisasjonsutvikling for å leggje opplæringa betre til rette for elevar med særlege behov. Den pedagogisk-psykologiske tenesta skal sørgje for at det blir utarbeidd sakkunnig vurdering der lova krev det. Departementet kan gi forskrifter om dei andre oppgåvene til tenesta.

§ 5-7. Spesialpedagogisk hjelp før opplæringspliktig alder
Barn under opplæringspliktig alder som har særlege behov for spesialpedagogisk hjelp, har rett til slik hjelp. Hjelpa skal omfatte tilbod om foreldrerådgiving. Hjelpa kan knytast til barnehagar, skolar, sosiale og medisinske institusjonar og liknande, eller organiserast som eige tiltak. Hjelpa kan også givast av den pedagogisk-psykologiske tenesta eller av ein annan sakkunnig instans.
For spesialpedagogisk hjelp gjeld § 5-4 andre og tredje leddet i lova. § 5-5 andre leddet i lova gjeld så langt det passar.

§ 5-8. Helsetenestetilbod
Departementet kan gi forskrifter om helsetilsyn og medisinsk hjelp for elevar som får spesialundervisning.

§ 5-9. Statens plikt til å sørgje for læremiddel
Departementet skal sørgje for at det blir utarbeidd lærebøker og andre læremiddel for spesialundervisning.
Innhold
Kapittel 1.
Formål, verkeområde og tilpassa opplæring m.m.
Kapittel 2. Grunnskolen
Kapittel 3.
Vidaregåande opplæring
Kapittel 4. Vidaregåande opplæring i bedrift
Kapittel 4A.
Opplæring spesielt organisert for vaksne
Kapittel 5. Spesialundervisning
Kapittel 6. Samisk opplæring
Kapittel 7.
Skyss og innlosjering
Kapittel 8. Organisering av undervisninga
Kapittel 9.
Leiing, funksjonar, utstyr og læremiddel i skolen
Kapittel 9A.
Elevane sitt skolemiljø
Kapittel 10.
Personalet i skolen
Kapittel 11. Organ for brukarmedverknad i skolen
Kapittel 12. Organ knytte til fagopplæring i bedrift
Kapittel 13.
Ansvaret til kommunen, fylkeskommunen og staten
Kapittel 14.
Tilsyn og kontroll
Kapittel 15.
Bruk av Forvaltningslova. Opplysningsplikt
Kapittel 16. Iverksetjing og overgangsreglar. Endringar i andre lover