oppnett.no

Nettsted for skoler og barnehager

Lokale lenker
Planer:
Kunnskapsløftet
Rammeplan for barnehager
Læreplan i norsk og samfunnskunnskap for utlendinger
Lover:
Barnehageloven
Opplæringslova
Privatskolelova
Voksenopplæringsloven
Forskrifter til:
Barnehageloven
Opplæringslova
Privatskolelova
Voksenopplæringsloven
Forskrifter om:
Miljørettet helsevern i skole og barnehage
Opplæring i norsk og samfunnskunnskap for nyankomne innvandrere
Forskrift
2006-07-14 nr. 932
Forskrift til: Privatskolelova
Forskrift til Privatskolelova
 
Kapittel 8. Krav om politiattest ved tilsetjing i grunnskolar og vidaregåande skolar
(Heimel: Privatskolelova § 4-3 fjerde ledd)


§ 8—1.  Generelt
Alle som skal tilsetjast i grunnskolar og vidaregåande skolar som driv verksemd etter Privatskolelova, skal leggje fram politiattest. Kravet gjeld både fast personell og mellombels tilsette. Krava gjeld likevel ikkje vidaregåande skolar som gir yrkesretta opplæring som ikkje blir gitt ved vidaregåande offentlege skolar.

§ 8—2.  Innhaldet i politiattesten
Med politiattest etter Privatskolelova § 4-3 første og andre ledd er meint ein politiattest som viser om personen er sikta, tiltalt eller dømd for brot på Straffelova § 193, § 194, § 195, § 196, § 197, § 199, § 200 andre ledd og § 201 bokstav c. Med politiattest etter Privatskolelova § 4-3 tredje ledd er meint ein politiattest som viser om personen er sikta, tiltalt eller dømd for brot på Straffelova § 192, § 193, § 194, § 195, § 196, § 197, § 199, § 200 første og andre ledd og § 201 bokstav b og c. Attesten skal ikkje vere eldre enn 3 månader.
Førelegg, overføring til konfliktråd, påtaleunnlating, frikjenning og fråfallen sikting eller tiltale skal ikkje gå fram av attesten.

§ 8—3.  Framgangsmåte
Arbeidsgivaren skal i utlysingsteksten gjere søkjarar merksame på at det vil bli kravd politiattest ved tilsetjing, men at slik attest ikkje skal leggjast ved søknaden. Attest skal berre krevjast av den søkjaren som får tilbod om stillinga. Det skal i tilbodet takast atterhald om at forhold nemnde i Privatskolelova § 4-3 og forskrifta § 8-2 kan medføre endring i tilbodet om stilling. Politiattest skal liggje føre før arbeidstakaren blir tilsett i stillinga.
For utferding av attest gjeld Lov 11. juni 1971 nr. 52 om strafferegistrering og Forskrift 20. desember 1974 nr. 4 om strafferegistrering, med dei unntak og presiseringar som går fram av forskrifta § 8-2.

§ 8—4.  Behandling av politiattest
Politiattesten skal oppbevarast utilgjengeleg for uvedkomande, og skal makulerast straks etter å ha vore nytta i tilsetjingssaka eller til det formålet attesten er innhenta, jf. forskrifta § 8-3.

§ 8—5.  Teieplikt
Den som får kjennskap til opplysningar gjennom ein politiattest, pliktar å hindre at uvedkomande får tilgjenge eller kjennskap til opplysningane, jf. Forvaltningslova §§ 13 - 13e. Brot kan straffast etter Straffelova § 121.
Innhold
Kapittel 1.
Virkeområde
Kapittel 2.
Rapportering og evaluering av opplæringsverksemda
Kapittel 2A.
Fysisk aktivitet
Kapittel 3.
Individuell vurdering i grunnskolar og i vidaregåande opplæring
Kapittel 5. Klage på vurdering av elevar
Kapittel 5A.
Fritak frå opplæring
Kapittel 6.
Skyss av elevar i vidaregåande opplæring
Kapittel 7. Retten til nødvendig rådgiving
Kapittel 7A.
Ulykkesforsikring for elevar
Kapittel 7B. Ordning med gratis frukt og grønsaker
Kapittel 8.
Krav om politiattest ved tilsetjing i frittståande grunnskolar og frittståande vidaregåande skolar
Kapittel 9. Offentleg tilskot til skolepengar
Kapittel 10. Husleige og kapitalkostnader
Kapittel 10A. Trykte og digitale læremiddel og digitalt utstyr i vidaregåande opplæring
Kapittel 11.
Vaksne søkarar utan rett til vidaregåande opplæring
Kapittel 12. Søknadsfrist for oppstart av skole mv.
Kapittel 13. Sluttføresegner
  
Ord for dagen
2772
Enhver mann er uskyldig inntil det er bevist at han
er blakk.
Cato Schiøtz
  
Forskrifter til
Privatskolelova
Alfabetisk
Kronologisk