oppnett.no

Nettsted for skoler og barnehager

Lokale lenker
Planer:
Kunnskapsløftet
Rammeplan for barnehager
Læreplan i norsk og samfunnskunnskap for utlendinger
Lover:
Barnehageloven
Opplæringslova
Privatskolelova
Voksenopplæringsloven
Forskrifter til:
Barnehageloven
Opplæringslova
Privatskolelova
Voksenopplæringsloven
Forskrifter om:
Miljørettet helsevern i skole og barnehage
Opplæring i norsk og samfunnskunnskap for nyankomne innvandrere
Forskrift
2006-07-14 nr. 932
Forskrift til: Privatskolelova
Forskrift til Privatskolelova
 
Kapittel 7A. Ulykkesforsikring for elevar
(Heimel: Privatskolelova § 7-1b)


§ 7A-1.  Plikt til å sørgje for ulykkesforsikring for elevar
Skolen pliktar å sørgje for ulykkesforsikring for elevane. Plikta gjeld også lærlingar og lærekandidatar, men ikkje elevar under opplæring spesielt organisert for vaksne etter Privatskolelova kapittel 6A.
Ulykkesforsikringa skal minst ha det innhald og omfang som går fram av føresegnene i denne forskrifta.

§ 7A-2.  Krav til forsikringsordninga
Ulykkesforsikringa skal vere teikna i eit forsikringsselskap som har løyve etter Forsikringslova.

§ 7A-3.  Kva forsikringa gjeld
Ved ulykkesskade skal forsikringa gi dekning for nødvendige utgifter til behandling og erstatning ved død eller varig medisinsk invaliditet, i den mon slike ytingar ikkje er dekte etter Folketrygdlova eller Yrkesskadeforsikringslova.

§ 7A-4.  Når og kvar forsikringa skal gjelde
Forsikringa skal gi eleven dekning for ulykkesskade som har hendt
a.
på opplæringsstaden i opplæringstida
b.
på veg mellom heim og opplæringsstad
c.
under praktisk yrkesopplæring og opplæring i arbeidslivet som er ledd i opplæringa, og på veg mellom heim og arbeidsplass
d.
under transport, skoleturar, idrettsdagar, leirskolar og liknande som skolen er ansvarleg for
e.
under Operasjon dagsverk og andre liknande elevaktivitetar, og mellom heim og den stad der aktiviteten skjer
Likestilt med heim i pkt. b, c og e er annan opphaldsplass.
For elevar ved internatskolar gjeld forsikringa heile døgnet i den tid elevane held seg på skolen, men ikkje i feriar og liknande fråvær når elevane ikkje er under tilsyn av skolen. Forsikringa gjeld likevel på reiser mellom heim og skole i samanheng med slikt fråver.

§ 7A-5.  Erstatning ved død eller ved varig medisinsk invaliditet
Ved varig medisinsk invaliditet som følgje av ulykkesskade skal det ytast ei erstatning tufta på ein forsikringssum på 5 gonger grunnbeløpet i folketrygda (G). Full erstatning skal ytast når invaliditetsgraden er fastsett til 100 %. Ved lågare gradar av invaliditet skal erstatninga reduserast forholdsmessig.
Graden av invaliditet skal reknast ut etter invaliditetstabellar med tilhøyrande retningsliner som Arbeids- og inkluderingsdepartementet har ansvar for.
Ved dødsfall som følgje av ulykkesskade skal det ytast ei erstatning på 1 G.

§ 7A-6.  Tilbakebetaling av utgifter til behandling
Fører ulykkesskaden i løpet av dei to første åra etter at skaden hende til utgifter til behandling av skaden, skal forsikringa dekkje dokumenterte og nødvendige utgifter til
  •
lege og tannlege
Ved tannskadar skal forsikringa likevel alltid erstatte utgifter til første permanente tannstell (bru, krone o.l.), sjølv om dette skjer seinare enn to år etter skaden, dersom behandlinga skjer seinast ti år etter utgangen av det året skaden skjedde.
medisinsk behandling utført av ein som har rett til full tilbakebetaling frå folketrygda tilrådd av lege eller tannlege
reise til og frå heim for nødvendig behandling med billegaste transportmiddel når det blir teke omsyn til tilstanden hos eleven.
Det krevst ikkje at forsikringa skal dekkje meirutgifter til privat behandling, forpleiing eller opptrening.
Den øvre grensa for dei samla tilbakebetalingskrava frå forsikringa for nødvendige utgifter til behandling må ikkje vere lågare enn 0,25 G.
Eigendelen for eleven må ikkje vere høgare enn 0,015 G.

§ 7A-7.  Avgrensingar i forsikringsdekninga
Forsikringa kan gjere unnatak frå dekninga av ulykkesskade som har si årsak i
  •
forgifting ved mat, drikke eller nytingsmiddel
infeksjon eller stikk/bit av insekt, som til dømes malaria, flekktyfus eller borrelia
smitte gjennom bakteriar, virus eller anna smittekjelde, som til dømes e-coli, salmonella eller liknande
psykiske skadar, som sjokkliding, depresjon, angst og liknande, med mindre det til same tid er oppstått lekamsskade som gir livsvarig medisinsk invaliditet
Innhold
Kapittel 1.
Virkeområde
Kapittel 2.
Rapportering og evaluering av opplæringsverksemda
Kapittel 2A.
Fysisk aktivitet
Kapittel 3.
Individuell vurdering i grunnskolar og i vidaregåande opplæring
Kapittel 5. Klage på vurdering av elevar
Kapittel 5A.
Fritak frå opplæring
Kapittel 6.
Skyss av elevar i vidaregåande opplæring
Kapittel 7. Retten til nødvendig rådgiving
Kapittel 7A.
Ulykkesforsikring for elevar
Kapittel 7B. Ordning med gratis frukt og grønsaker
Kapittel 8.
Krav om politiattest ved tilsetjing i frittståande grunnskolar og frittståande vidaregåande skolar
Kapittel 9. Offentleg tilskot til skolepengar
Kapittel 10. Husleige og kapitalkostnader
Kapittel 10A. Trykte og digitale læremiddel og digitalt utstyr i vidaregåande opplæring
Kapittel 11.
Vaksne søkarar utan rett til vidaregåande opplæring
Kapittel 12. Søknadsfrist for oppstart av skole mv.
Kapittel 13. Sluttføresegner
  
Ord for dagen
2769
Evner og fristelser hører jo som regel sammen.
C. Skovgaard-Petersen
  
Forskrifter til
Privatskolelova
Alfabetisk
Kronologisk