oppnett.no

Nettsted for skoler og barnehager

Lokale lenker
Planer:
Kunnskapsløftet
Rammeplan for barnehager
Læreplan i norsk og samfunnskunnskap for utlendinger
Lover:
Barnehageloven
Opplæringslova
Privatskolelova
Voksenopplæringsloven
Forskrifter til:
Barnehageloven
Opplæringslova
Privatskolelova
Voksenopplæringsloven
Forskrifter om:
Miljørettet helsevern i skole og barnehage
Opplæring i norsk og samfunnskunnskap for nyankomne innvandrere
Forskrift
2006-07-14 nr. 932
Forskrift til: Privatskolelova
Forskrift til Privatskolelova
 
Kapittel 6. Skyss av elevar i vidaregåande opplæring
(Heimel: Privatskolelova § 3-7 tredje ledd)


§ 6—1.  Fylkeskommunens ansvar
Heimfylket har ansvaret for skyss for elevar som har slik rett etter reglane i Privatskolelova § 3-7 første ledd. Heimfylket kan velje om eleven skal få gratis skyss eller full skyssgodtgjersle.

§ 6—2.  Full skyssgodtgjersle
Eleven har rett til full skyssgodtgjersle i dei tilfella heimfylket ikkje gir tilbod om gratis skyss. Full skyssgodtgjersle inneber at dei naudsynte faktiske skysskostnadene for eleven blir dekte. Val av transportmiddel skal avklarast med heimfylket så snart som mogleg etter at eleven har fått tildelt skoleplass. Kostnadene skal dokumenterast. Dersom det ikkje er mogleg å avklare val av transportmiddel før skolen tek til, må heimfylket likevel dekkje elevens dokumenterte faktiske og naudsynte skysskostnader i perioden fram til slik avklaring skjer.
Ved bruk av privat bil skal skysskostnadene bli dekte etter satsane for dekning av utgifter ved reise for undersøking og behandling, jf. forskrift 19. desember 2003 nr. 1756. Eventuelle naudsynte kostnader som er større enn det satsen dekkjer, må dokumenterast. Slike kostnader kan mellom anna vere betaling av bompengar og fergeturar.

§ 6—3.  Dispensasjon frå kravet om gratis skyss
Dispensasjon frå plikta for heimfylket til å sørgje for gratis skoleskyss, jf. Privatskolelova § 3-7, kan etter søknad frå heimfylket til departementet givast når vilkåra i § 6-4 og § 6-5 er oppfylte.

§ 6—4.  Vilkår for dispensasjon frå kravet om gratis skyss
Dispensasjon frå plikta til å sørgje for gratis skoleskyss etter Privatskolelova § 3-7 kan etter søknad til departementet givast når desse vilkåra er oppfylte:
a)
heimfylket må ha ei ordning med subsidierte rabattkort for ungdom. Prisen må ikkje overstige 50% av vanleg månadskort for vaksne.
b)
eit rabattkort må omfatte ordinær reise til og frå skolen eller, om eleven går på skole utanfor sitt eige heimfylke, til og frå fylkesgrensa for fylket der eleven bur, til og frå arbeid og fritidsaktivitetar.
c)
rabattkortet må i tillegg til ordinær skoleskyss kunne nyttast både på dagtid og kveldstid alle dagar. Dei aktuelle kollektive transportmidla som rabattkortet gjeld for, må vere godt utbygde og ha jamlege avgangar.
d)
ordninga må omfatte minst heile skoleåret.

§ 6—5.  Avgjerdsmyndigheit
Søknader om dispensasjon frå Privatskolelova § 3-7 blir avgjorde av departementet.
Dispensasjon kan givast for eitt år om gongen.
Innhold
Kapittel 1.
Virkeområde
Kapittel 2.
Rapportering og evaluering av opplæringsverksemda
Kapittel 2A.
Fysisk aktivitet
Kapittel 3.
Individuell vurdering i grunnskolar og i vidaregåande opplæring
Kapittel 5. Klage på vurdering av elevar
Kapittel 5A.
Fritak frå opplæring
Kapittel 6.
Skyss av elevar i vidaregåande opplæring
Kapittel 7. Retten til nødvendig rådgiving
Kapittel 7A.
Ulykkesforsikring for elevar
Kapittel 7B. Ordning med gratis frukt og grønsaker
Kapittel 8.
Krav om politiattest ved tilsetjing i frittståande grunnskolar og frittståande vidaregåande skolar
Kapittel 9. Offentleg tilskot til skolepengar
Kapittel 10. Husleige og kapitalkostnader
Kapittel 10A. Trykte og digitale læremiddel og digitalt utstyr i vidaregåande opplæring
Kapittel 11.
Vaksne søkarar utan rett til vidaregåande opplæring
Kapittel 12. Søknadsfrist for oppstart av skole mv.
Kapittel 13. Sluttføresegner
  
Ord for dagen
2767
Menneskene forakter religionen. De hater den og frykter den skal være sann.
Blaise Pascal
  
Forskrifter til
Privatskolelova
Alfabetisk
Kronologisk