oppnett.no

Nettsted for skoler og barnehager

Lokale lenker
Planer:
Kunnskapsløftet
Rammeplan for barnehager
Læreplan i norsk og samfunnskunnskap for utlendinger
Lover:
Barnehageloven
Opplæringslova
Privatskolelova
Voksenopplæringsloven
Forskrifter til:
Barnehageloven
Opplæringslova
Privatskolelova
Voksenopplæringsloven
Forskrifter om:
Miljørettet helsevern i skole og barnehage
Opplæring i norsk og samfunnskunnskap for nyankomne innvandrere
Forskrift
2006-07-14 nr. 932
Forskrift til: Privatskolelova
Forskrift til Privatskolelova
 
Kapittel 3. Individuell vurdering i grunnskolar og i vidaregåande opplæring

I
Generelle føresegner
§ 3—1
Rett til vurdering
§ 3—2
Formålet med vurdering
§ 3—3
Grunnlaget for vurdering i fag
§ 3—4
Karakterar i fag mv.
§ 3—5
Grunnlaget for vurdering i orden og i åtferd
§ 3—6
Karakterar i orden og i åtferd
§ 3—7
Varsling
§ 3—8
Dialog om anna utvikling
§ 3—9
Kontakt med heimen i grunnskolen
§ 3—10
Privatistar
II
Undervegsvurdering
§ 3—11
Undervegsvurdering
§ 3—12
Eigenvurdering
§ 3—13
Halvårsvurdering i fag for elevar
§ 3—14
Halvårsvurdering i orden og i åtferd for elevar
§ 3—15
Kravet til dokumentering av undervegsvurderinga
III
Sluttvurdering
§ 3—16
Sluttvurdering i fag
§ 3—17
Standpunktkarakterar i fag
§ 3—18
Standpunktkarakterar i orden og i åtferd
IV
Fritak frå vurdering med karakter
§ 3—19
Fritak frå vurdering med karakter for elevar med individuell opplæringsplan
§ 3—20
Fritak frå vurdering med karakter for minoritetsspråklege elevar i grunnskolen
§ 3—21
Fritak frå vurdering med karakter i skriftleg sidemål
§ 3—22
Fritak frå vurdering med karakter i den praktiske delen av faget kroppsøving i vidaregåande opplæring
§ 3—23
Fritak frå eksamen
V
Eksamen
§ 3—24
Generelle føresegner
§ 3—25
Melding av elevar til eksamen
§ 3—26
Sentralt gitt eksamen
§ 3—27
Lokalt gitt eksamen i grunnskolen
§ 3—28
Lokalt gitt eksamen i vidaregåande opplæring
§ 3—29
Hjelpemiddel til eksamen
§ 3—30
Særskild tilrettelegging av eksamen
§ 3—31
Særskild eksamen for elevar i vidaregåande opplæring
§ 3—32
Ny eksamen for elevar i vidaregåande opplæring
§ 3—33
Utsett eksamen for elevar i vidaregåande opplæring
§ 3—34
Bortvising frå eksamen
§ 3—35
Annullering av eksamen
V
Dokumentasjon
§ 3—36
Rett til dokumentasjon
§ 3—37
Forsvarleg system for føring av karakterar og fråvær
§ 3—38
Dispensasjon
 
Særskild om retten til dokumentasjon av grunnskoleopplæringa
§ 3—39
Vitnemål i grunnskolen
§ 3—40
Føring av fråvær i grunnskolen
 
Særskilt om retten til dokumentasjon av vidaregåande opplæring
§ 3—41
Vitnemål i vidaregåande opplæring
§ 3—42
Førstegongsvitnemål
§ 3—43
Unntak for elevar frå vilkåra for å få vitnemål i yrkesfaglege utdanningsprogram
§ 3—44
Kompetansebevis
§ 3—45
Føring av karakterar i fag på vitnemål og kompetansebevis
§ 3—46
Føring av fråvær i vidaregåande opplæring

I. Generelle føresegner
§ 3-1.  Rett til vurdering
Elevar i grunnskolar og vidaregåande opplæring som driv verksemd etter Privatskolelova, har rett til vurdering etter reglane i dette kapitlet. Denne retten gjeld ikkje elevar i vidaregåande skolar som gir yrkesretta opplæring som ikkje blir gitt ved offentlege vidaregåande skolar, jf. Privatskolelova kapittel 6A. Retten til vurdering inneber både ein rett til undervegsvurdering og sluttvurdering og ein rett til dokumentasjon av opplæringa.
Elevar i skolar som er godkjende på grunnlag av ei anerkjend pedagogisk retning, og som nyttar alternative vurderingsformer godkjende av departementet, har rett til vurdering etter skolen sitt system for vurdering. Det same gjeld internasjonale skolar. Skolane må likevel følgje § 3-2, § 3-3, § 3-5, § 3-8 til § 3-12, § 3-13 første og andre ledd, § 3-15, § 3-36 til § 3-41 og § 3-44 til § 3-46. Elles gjeld føresegnene i kapitlet her så langt dei passar, dersom ikkje anna er fastsett i godkjenninga.
Det skal vere kjent for eleven kva som er måla for opplæringa og kva som blir vektlagt i vurderinga av hennar eller hans kompetanse. Det skal vere kjent for eleven kva som er grunnlaget for vurdering og kva som blir vektlagt i vurderinga i orden og i åtferd.
Skolen sitt styre har ansvaret for at eleven sin rett til vurdering blir oppfylt, jf. Privatskolelova § 5-2.

§ 3-2.  Formålet med vurdering
Formålet med vurdering i fag er å fremje læring undervegs og uttrykkje kompetansen til eleven undervegs og ved avslutninga av opplæringa i faget. Vurderinga skal gi god tilbakemelding og rettleiing til elevane.
Undervegsvurdering skal brukast som ein reiskap i læreprosessen, som grunnlag for tilpassa opplæring og bidra til at eleven aukar kompetansen sin i fag.
Sluttvurderinga skal gi informasjon om kompetansen til eleven ved avslutninga av opplæringa i faget.
Formålet med vurdering i orden og i åtferd er å bidra i sosialiseringsprosessen til eleven, skape eit godt psykososialt miljø og gi informasjon om eleven sin orden og åtferd.
Undervegsvurdering og sluttvurdering skal sjåast i samanheng for å betre opplæringa. Kunnskap om elevens utvikling i fag, orden og åtferd gjennom undervegsvurdering gir læraren grunnlag for å fastsetje standpunktkarakter i fag, orden og åtferd.

§ 3-3.  Grunnlaget for vurdering i fag
Grunnlaget for vurdering i fag er dei samla kompetansemåla i læreplanane for fag slik dei er fastsette i den læreplanen skolen har fått godkjend etter Privatskolelova § 2-3.
I vurderinga i fag skal ikkje føresetnadene til den enkelte, fråvær eller andre forhold knytte til ordenen og åtferda til eleven trekkjast inn. I grunnskolen skal det i faget kroppsøving i vurderinga leggjast vekt på både oppnådd kompetanse og føresetnadene til eleven. I vidaregåande opplæring skal ikkje elevens føresetnader trekkjast inn i vurderinga i faget kroppsøving.
Læraren skal så langt råd er, skaffe tilstrekkeleg grunnlag for å vurdere kompetansen til eleven, slik at retten eleven har etter § 3-1, blir oppfylt. Det gjeld òg dersom stort fråvær eller andre særlege grunnar gjer vurdering vanskeleg. Eleven skal møte til og delta aktivt i opplæringa slik at læraren får grunnlag for å vurdere eleven sin kompetanse i faget. Stort fråvær, manglande deltaking i planlagde vurderingssituasjonar eller andre særlege grunnar kan føre til at grunnlaget for halvårsvurdering med karakter eller standpunktkarakter manglar.

§ 3-4.  Karakterar i fag mv.
I grunnskolen til og med 7. årstrinnet skal det berre givast vurdering utan karakterar.
Frå 8. årstrinn og i vidaregåande opplæring skal vurdering også givast med talkarakterar. Det skal brukast talkarakterar på ein skala frå 1 til 6. Berre heile talkarakterar skal brukast.
Dei enkelte karaktergradene har dette innhaldet:
a)
karakteren 6 uttrykkjer at eleven har framifrå kompetanse i faget
b)
karakteren 5 uttrykkjer at eleven har mykje god kompetanse i faget
c)
karakteren 4 uttrykkjer at eleven har god kompetanse i faget
d)
karakteren 3 uttrykkjer at eleven har nokså god kompetanse i faget
e)
karakteren 2 uttrykkjer at eleven har låg kompetanse i faget
f)
karakteren 1 uttrykkjer at eleven har svært låg kompetanse i faget.
I vidaregåande opplæring svarer bestått til karakterane 2 til 6. Departementet kan i spesielle tilfelle fastsetje ei anna grense for bestått. Fag med karakteren 1 i standpunkt er bestått når eksamenskarakteren er 2 eller betre. Det gjeld ikkje dersom eksamenskarakteren er for ein tverrfagleg eksamen.
Det kan gå fram av den læreplanen skolen har fått godkjend etter Privatskolelova § 2-3, at det i enkelte fag skal brukast andre uttrykk enn talkarakterar. Dei andre uttrykka er:
a)
bestått/ikkje bestått: for å få karakteren bestått skal eleven ha vist tilfredsstillande kompetanse i faget
b)
delteke/ikkje delteke.

§ 3-5.  Grunnlaget for vurdering i orden og i åtferd
Grunnlaget for vurdering i orden og i åtferd er knytt til i kva grad eleven opptrer i tråd med ordensreglementet til skolen.
Grunnlaget for vurdering i orden er knytt til om eleven er førebudd til opplæringa, og korleis arbeidsvanane og arbeidsinnsatsen til eleven er. Det inneber mellom anna om eleven er punktleg, følgjer opp arbeid som skal gjerast, og har med nødvendig læremiddel og utstyr.
Grunnlaget for vurdering i åtferd er knytt til korleis eleven oppfører seg overfor medelevar, lærarar og andre tilsette i og utanfor opplæringa. Det inneber mellom anna om eleven viser omsyn og respekt for andre.
Vurderinga av orden og åtferd skal haldast åtskild frå vurderinga av eleven sin kompetanse i fag.
I vurderinga i orden og i åtferd skal det takast omsyn til føresetnadene eleven har. Til vanleg skal det ikkje leggjast avgjerande vekt på enkelthendingar; unntaket er dersom enkelthendinga er særleg klanderverdig eller grov. Fråvær kan føre til nedsett karakter i anten orden eller i åtferd.

§ 3-6.  Karakterar i orden og i åtferd
I grunnskolen skal det til og med 7. årstrinnet berre givast vurdering utan karakter i orden og i åtferd.
Frå 8. årstrinnet og i vidaregåande opplæring skal vurderinga i orden og i åtferd givast med karakterar. I orden og i åtferd skal då desse karakterane nyttast:
a)
God (G): vanleg god orden og vanleg god åtferd
b)
Nokså god (Ng): klare avvik frå vanleg orden og frå vanleg åtferd
c)
Lite god (Lg): i ekstraordinære tilfelle ved store avvik frå vanleg orden og frå vanleg åtferd.

§ 3-7.  Varsling
Eleven og foreldra skal varslast skriftleg dersom det er tvil om eleven kan få halvårsvurdering med karakter eller standpunktkarakter i eitt eller fleire fag fordi det ikkje er grunnlag for fastsetjing av karakter.
Eleven og foreldra skal også varslast skriftleg dersom det er fare for at eleven i halvårsvurdering eller i standpunktkarakter kan få karakteren nokså god (Ng) eller lite god (Lg) i orden eller i åtferd.
Varselet skal givast utan ugrunna opphald. Varselet skal gi eleven høve til å skaffe grunnlag for halvårsvurdering med karakter og standpunktkarakter, eller gi eleven høve til å forbetre karakteren i orden eller åtferd. Det same gjeld der det blir gitt ei anna godkjend vurdering.
Etter at eleven har fylt 18 år, skal foreldra ikkje varslast.

§ 3-8.  Dialog om anna utvikling
Eleven har rett til jamleg dialog med kontaktlæraren om utviklinga i lys av Privatskolelova § 1-1 andre ledd og den læreplanen skolen har fått godkjend etter Privatskolelova § 2-3.

§ 3-9.  Kontakt med heimen i grunnskolen
Skolen skal halde kontakt med foreldra gjennom opplæringsåret.
Foreldra har minst to gonger i året rett til ein planlagd og strukturert samtale med kontaktlæraren om korleis eleven arbeider dagleg, og eleven sin kompetanse i faga i den læreplanen skolen har fått godkjend etter Privatskolelova § 2-3. I tillegg skal kontaktlæraren samtale med foreldra om utviklinga til eleven i lys av Privatskolelova § 1-1 andre ledd og den læreplanen skolen har fått godkjend etter Privatskolelova § 2-3. Samtalen skal klargjere korleis eleven, skolen og foreldra skal samarbeide for å leggje til rette for læringa og utviklinga til eleven. Eleven kan vere med i samtalen med foreldra. Når eleven har fylt 12 år, har han eller ho rett til å vere med i samtalen. Det skal alltid sendast skriftleg melding når foreldra ikkje møter til samtale.
Når skolen eller heimen meiner det er formålstenleg, kan skriftleg melding nyttast i tillegg.

§ 3-10.  Privatistar
Skolar som driv verksemd etter Privatskolelova, kan ikkje arrangere eksamen for privatistar.
II. Undervegsvurdering
§ 3-11.  Undervegsvurdering
Undervegsvurdering skal brukast som ein reiskap i læreprosessen, som grunnlag for tilpassa opplæring og bidra til at eleven aukar kompetansen sin i fag, jf. § 3-2. Undervegsvurderinga skal gis løpande og systematisk og kan vere både munnleg og skriftleg.
Undervegsvurderinga skal innehalde grunngitt informasjon om kompetansen til eleven og skal givast som meldingar med sikte på fagleg utvikling.
Eleven har minst ein gong kvart halvår rett til ein samtale med kontaktlæraren om sin utvikling i forhold til kompetansemåla i faga. Samtalen kan gjennomførast i samband med halvårsvurderinga utan karakter, jf. § 3-13 og i grunnskolen i samband med samtalen med foreldra etter § 3-9.
Læraren skal vurdere om eleven har tilfredsstillande utbytte av opplæringa, jf. Privatskolelova § 3-6 og Opplæringslova § 5-1 og § 5-4.
Elevar med individuell opplæringsplan skal både ha undervegsvurdering og rettleiing i samsvar med den opplæringsplanen som er utarbeidd for dei, jf. Privatskolelova § 3-6 og Opplæringslova § 5-5 første ledd. Elevar som er fritekne for vurdering med karakter etter § 3-19 skal ha undervegsvurdering utan karakter på grunnlag av måla i den individuelle opplæringsplanen så langt planen avvik frå læreplanen for faget.
Elevar som er fritekne frå vurdering med karakter etter § 3-20 til § 3-23 skal ha undervegsvurdering utan karakter i faget. Grunnlaget for vurdering er kompetansemåla i faget, jf. § 3-3.

§ 3-12.  Eigenvurdering
Eigenvurderinga til eleven er ein del av undervegsvurderinga. Eleven skal delta aktivt i vurderinga av eige arbeid, eigen kompetanse og eiga fagleg utvikling.

§ 3-13.  Halvårsvurdering i fag for elevar
Halvårsvurdering i fag er ein del av undervegsvurderinga og skal syne kompetansen til eleven i forhold til kompetansemåla i den læreplanen skolen har fått godkjend etter Privatskolelova § 2-3. Ho skal også gi rettleiing om korleis eleven kan auke kompetansen sin i faget.
Det skal bli gitt halvårsvurdering utan karakter gjennom heile grunnopplæringa.
Frå 8. årstrinnet skal eleven ha halvårsvurdering utan karakter og halvårsvurdering med karakter. Halvårsvurderinga med karakter, eller anna godkjend vurdering, skal gi uttrykk for den kompetansen som er forventa på tidspunktet for vurderinga.
I grunnskolen skal halvårsvurderinga gjennomførast midt i opplæringsperioden på 8., 9. og 10. årstrinnet, og ved slutten av opplæringsåret på årstrinnet for fag som ikkje blir avslutta, jf. den læreplanen skolen har fått godkjend etter Privatskolelova § 2-3.
I vidaregåande opplæring skal halvårsvurdering gjennomførast midt i opplæringsperioden på kvart årstrinn. I fellesfag, jf. § 3-45, skal elevane også ha halvårsvurdering med karakter, eller anna godkjend vurdering, på slutten av opplæringsåret dersom faget ikkje blir avslutta, jf. den læreplanen skolen har fått godkjend etter Privatskolelova § 2-3.
Elevar som er fritekne frå vurdering med karakter etter § 3-19 til § 3-23 skal ha halvårsvurdering utan karakter. For elevar med fritak frå vurdering med karakter etter § 3-19 skal halvårsvurderinga utan karakter givast på grunnlag av måla i den individuelle opplæringsplanen så langt denne avvik frå læreplanen for faget.
Dagleg leiar har ansvaret for at faglæraren gjennomfører halvårsvurdering med og utan karakter. Dersom dagleg leiar er i tvil om reglane for halvårsvurdering er følgde, kan dagleg leiar be om ny fagleg vurdering før karakterane blir fastsette.

§ 3-14.  Halvårsvurdering i orden og i åtferd for elevar
Halvårsvurdering i orden og i åtferd er ein del av undervegsvurderinga. Det skal givast halvårsvurdering utan karakter i orden og i åtferd i heile opplæringsløpet.
Frå 8. årstrinnet skal det givast halvårsvurdering også med karakter, eller anna godkjend vurdering, i orden og i åtferd. Halvårsvurdering med karakter skal fastsetjast midt i opplæringsperioden på 8., 9. og 10. årstrinnet og ved slutten av opplæringsåret så nær som etter 10. årstrinnet.
I vidaregåande opplæring i skole skal det givast halvårsvurdering med karakter midt i opplæringsperioden på kvart årstrinn. Det skal givast halvårsvurdering med karakter ved slutten av opplæringsåret dersom eleven ikkje avsluttar opplæringa i skole dette opplæringsåret. Når eleven avsluttar opplæringa i skole skal det fastsetjast standpunktkarakter i orden og i åtferd etter § 3-18.
Kontaktlæraren skal gi halvårsvurdering i orden og i åtferd i samarbeid med dei andre lærarane til eleven.

§ 3-15.  Kravet til dokumentering av undervegsvurderinga
Frå 8. årstrinnet skal alle elevar kvart halvår få halvårsvurdering med karakter, eller anna godkjend vurdering, i fag og i orden og i åtferd dokumentert skriftleg. Fråvær skal også dokumenterast kvart halvår.
Det skal kunne dokumenterast at undervegsvurdering er gitt, jf. § 3-11 til § 3-14.
III. Sluttvurdering
§ 3-16.  Sluttvurdering i fag
Sluttvurderinga skal gi informasjon om kompetansen til eleven ved avslutninga av opplæringa i fag etter den læreplanen skolen har fått godkjend etter Privatskolelova § 2-3 jf. § 3-3.
Sluttvurderingar i grunnskolen er standpunktkarakterar og eksamenskarakterar.
Sluttvurderingar i vidaregåande opplæring er standpunktkarakterar og eksamenskarakterar.
Sluttvurderingar er enkeltvedtak og kan påklagast etter reglane i kapittel 5.
Eksamen er særskilt regulert i § 3-24 til § 3-35.
Elevar i grunnopplæringa som har individuell opplæringsplan, skal vurderast etter dei samla kompetansemåla i læreplanen for faget, jf. § 3-3. Elevar i grunnskolen kan få fritak frå vurdering med karakter, jf. § 3-19. Dersom sluttvurdering ikkje er mogleg for ein elev i vidaregåande opplæring, skal eleven ha dokumentasjon ført i samsvar med § 3-45.

§ 3-17.  Standpunktkarakterar i fag
Standpunktkarakterar er karakterar som blir gitt ved avslutninga av opplæringa i fag, jf. den læreplanen skolen har fått godkjend etter Privatskolelova § 2-3, og som skal førast på vitnemålet.
Standpunktkarakteren må baserast på eit breitt vurderingsgrunnlag som samla viser kompetansen eleven har i faget, jf. § 3-3. Eleven skal ha høve til å forbetre kompetansen sin i faget inntil standpunktkarakteren er fastsett. Eleven skal bli gjort kjend med kva det er lagt vekt på i fastsetjinga av hennar eller hans standpunktkarakter.
Standpunktkarakterar i fag med sentralt gitt eksamen skal fastsetjast seinast dagen før fellessensurmøtet.
Standpunktkarakterar i fag med lokalt gitt eksamen skal fastsetjast seinast dagen før skolen gjennomfører den første lokalt gitte eksamenen på det aktuelle trinnet innanfor utdaningsprogrammet.
Dagleg leiar har ansvaret for at faglærar set standpunktkarakter. Dersom dagleg leiar er i tvil om reglane for fastsetjing av standpunktkarakter er følgde, kan dagleg leiar krevje ei ny fagleg vurdering før karakterane blir fastsette og førte.
I dei tilfella der det ikkje er grunnlag for å setje standpunktkarakter, har dagleg leiar ansvaret for at det blir fatta enkeltvedtak om at standpunktkarakter ikkje skal bli gitt. For at det skal kunne gjerast enkeltvedtak om å ikkje gi karakter, skal eleven vere varsla, jf. § 3-7. Når det ikkje kan givast standpunktkarakter i grunnskolen på grunn av stort fråvær eller andre særlege grunnar, skal det ikkje førast karakter på vitnemålet.
For elevar i grunnskolen som er fritekne for opplæringsplikt etter Privatskolelova § 3-3 andre ledd, gjeld den siste halvårsvurderinga med karakter som standpunktkarakter, jf. § 3-39 og § 5-1.

§ 3-18.  Standpunktkarakterar i orden og i åtferd
Elevar skal ha standpunktkarakterar i orden og i åtferd etter 10. årstrinnet. I vidaregåande opplæring skal elevar ha standpunktkarakter når dei avsluttar opplæringa i skole etter den læreplanen skolen har fått godkjend etter Privatskolelova § 2-3.
Dagleg leiar har ansvaret for at standpunktkarakterar i orden og i åtferd blir fastsette etter drøfting i møte der lærarane til eleven er til stades. Endelege karakterar i orden og i åtferd skal fastsetjast etter at opplæringa er avslutta.
IV. Fritak frå vurdering med karakter
§ 3-19.  Fritak frå vurdering med karakter for elevar med individuell opplæringsplan
Når ein elev i grunnskolen får opplæring etter individuell opplæringsplan, avgjer foreldra om eleven skal ha vurdering med eller utan karakter. I fag der det blir gitt både skriftleg og munnleg karakter, kan foreldra også velje om eleven skal ha berre skriftleg eller munnleg karakter i faget. Dei som vel karakter i norsk skriftleg, kan velje karakter i den eine eller begge målformene. Valretten gjeld berre dersom enkeltvedtaket om spesialundervisning omfattar skriftleg sidemål.
Skolen sitt styre skal sørgje for at eleven og foreldra i grunnskolen får nødvendig rettleiing om kva val av vurdering utan og med karakter inneber for eleven.
Elevar i vidaregåande opplæring kan ikkje få fritak frå vurdering med karakter sjølv om dei har individuell opplæringsplan i eit fag.

§ 3-20.  Fritak frå vurdering med karakter for minoritetsspråklege elevar i grunnskolen
Minoritetsspråklege elevar i grunnskolen som begynner opplæringa i Noreg siste halvdel av eit opplæringsår, er fritekne frå vurdering med karakterar i fag dette opplæringsåret, dersom foreldra ber om dette. Dette gjeld både halvårsvurdering med karakter og standpunktvurdering.
Skolen sitt styre skal sørgje for at eleven og foreldra i grunnskolen får nødvendig rettleiing om kva val av vurdering utan og med karakter inneber for eleven.

§ 3-21.  Fritak frå vurdering med karakter i skriftleg sidemål
Elevar har mottatt særskild språkopplæring etter Privatskolelova § 3-5 på 8., 9. eller 10. årstrinn i grunnskolen eller på Vg1, Vg2 eller Vg3 i vidaregåande opplæring, kan få fritak frå vurdering med karakter i skriftleg sidemål.
Når ein elev i grunnskolen og vidaregåande opplæring får opplæring etter individuell opplæringsplan, avgjer foreldra eller eleven om eleven skal ha vurdering med karakter i skriftleg sidemål. Valretten gjeld berre dersom enkeltvedtaket om spesialundervisning omfattar skriftleg sidemål.
Elevar i heile grunnopplæringa har også rett til fritak frå vurdering i skriftleg sidemål dersom dei:
a)
på grunn av sjukdom, skade eller dysfunksjon som er diagnostisert av ein sakkunnig, har problem med å greie begge målforma
b)
ikkje har gjennomgått ungdomstrinnet i norsk grunnskole
c)
fylte vilkåra for fritak frå opplæring eller vurdering i skriftleg sidemål i grunnskolen, men på grunn av dokumentert saksbehandlingsfeil likevel ikkje fekk fritak.
Skolen sitt styre skal stryke standpunktkarakter eller eksamenskarakter i skriftleg sidemål dersom en elev som har fått innvilga fritak frå vurdering med karakter etter denne føresegna, likevel har fått vurdering i skriftleg sidemål.

§ 3-22.  Fritak frå vurdering med karakter i den praktiske delen av faget kroppsøving i vidaregåande opplæring
Elevar i vidaregåande opplæring som ikkje kan følgje den ordinære opplæringa i den praktiske delen av kompetansemåla i kroppsøvingsfaget, skal få tilrettelagd opplæring så langt dette er mogleg for eleven. Elevar skal få fritak frå vurdering med karakter i den praktiske delen av faget når den tilrettelagde opplæringa eleven får ikkje kan vurderast med karakter. Det blir ikkje gitt fritak frå vurdering med karakter i den teoretiske delen av faget.

§ 3-23.  Fritak frå eksamen
Elevar som er fritekne for vurdering med karakter i fag som blir avslutta med eksamen, skal ikkje delta i eksamen i faget.
I grunnskolen kan dagleg leiar sjølv etter søknad frå foreldra frita elevar frå eksamen når det ligg føre tungtvegande grunnar.
V. Eksamen
§ 3-24.  Generelle føresegner
Eksamen skal vere i samsvar med den læreplanen skolen har fått godkjend etter Privatskolelova § 2-3.
Læreplanen i det enkelte faget fastset om og eventuelt når i opplæringsløpet det skal vere eksamen i faget. Det er òg fastsett i læreplanen for fag om eleven skal opp til eksamen i faget, eller om elevar kan trekkjast ut, kva slags eksamensform som skal nyttast, og om eksamen skal vere lokalt gitt eller sentralt gitt. Departementet fastset kor mange eksamenar det skal vere på 10. årstrinnet og på kvart årstrinn innanfor utdanningsprogramma eller programområda i vidaregåande opplæring.
Eksamen skal organiserast slik at eleven kan få vist kompetansen sin i faget. Eksamenskarakteren skal fastsetjast på individuelt grunnlag og gi uttrykk for kompetansen til eleven slik denne kjem fram på eksamen.
Skolen har plikt til å informere elevar som tek vidaregåande opplæring, om kva for reglar som gjeld for ny eksamen, utsett eksamen og særskild eksamen.
Det er ikkje ny eksamen, utsett eksamen eller særskild eksamen i grunnskolen.

§ 3-25.  Melding av elevar til eksamen
Skolen melder til eksamen alle elevar som tek del i opplæringa i fag som blir avslutta med eksamen. Utdanningsdirektoratet fastset meldingsfristar og korleis melding til eksamen skal gå føre seg.
Elevar i vidaregåande opplæring må sjølve melde seg til ny eksamen, utsett eksamen og særskild eksamen, jf. § 3-31 til § 3-33. Meldinga skjer til skolen.

§ 3-26.  Sentralt gitt eksamen
Ved sentralt gitt eksamen fastset Utdanningsdirektoratet korleis eksamen i det enkelte faget skal organiserast, korleis eksamensoppgåva skal vere, datoen for den enkelte eksamenen, og korleis sensurordningane skal vere.
Vertskommunen har ansvaret for å trekkje fag og elevar til sentralt gitt eksamen i grunnskolen og for den praktiske gjennomføringa av eksamen.
Vertsfylket har ansvaret for å trekkje fag og elevar til eksamen og for den praktiske gjennomføringa av eksamen for elevar i vidaregåande opplæring.
Utdanningsdirektoratet har ansvaret for trekking av fag og elevar til eksamen og den praktiske gjennomføringa av eksamen for skolar i utlandet.
Eleven skal få vite kva fag han eller ho skal prøvast i, 48 timar før sjølve eksamen. Laurdagar, søndagar, høgtidsdagar og heilagdagar skal ikkje reknast med. Utdanningsdirektoratet fastset dato for melding om trekkfag.
Prøvesvara ved sentralt gitt eksamen skal vurderast av to eksterne sensorar. Dersom det er usemje, skal karakteren avgjerast av ein oppmann.

§ 3-27.  Lokalt gitt eksamen i grunnskolen
Vertskommunen har ansvaret for gjennomføringa av alle lokale eksamenar. Utdanningsdirektoratet har ansvaret for gjennomføringa av alle lokale eksamenar for grunnskolar i utlandet. Faglæraren har plikt til å utarbeide forslag til eksamensoppgåver.
Eleven skal få vite kva fag han eller ho skal prøvast i, 48 timar før sjølve eksamen. Laurdagar, søndagar, høgtidsdagar og heilagdagar skal ikkje reknast med.
Eksamen kan organiserast i to delar, der den første delen er ei førebuing og den andre delen er sjølve eksamen. Førebuingsdelen kan vere på inntil 2 dagar og skal normalt ikkje inngå i vurderingsgrunnlaget.
Ramma for eksamen på eksamensdagen skal vere munnleg eksamen på inntil 30 minutt per elev.
Prøvesvara ved lokalt gitt eksamen skal vurderast av to sensorar. Éin av sensorane skal vere ekstern. Den andre sensoren kan vere faglæraren til eleven. Faglæraren har plikt til å delta i vurderinga som sensor. Dersom det er usemje om karakteren, avgjer den eksterne sensoren.
Ved eksamen som krev eksaminator, skal den eine sensoren vere eksaminator. Eksamineringa skal gi elevane høve til å syne kompetanse i så stor del av faget som mogleg. Dersom det er usemje om kva eleven skal prøvast i, er det den eksterne sensoren som avgjer.

§ 3-28.  Lokalt gitt eksamen i vidaregåande opplæring
Vertsfylket har ansvaret for gjennomføringa av alle lokalt gitte eksamenar. Utdanningsdirektoratet har ansvaret for gjennomføringa av alle lokale eksamenar i utlandet. Faglæraren har plikt til å utarbeide forslag til eksamensoppgåver.
Eleven skal få vite kva fag han eller ho skal prøvast i, 48 timar før sjølve eksamen. Laurdagar, søndagar, høgtidsdagar og heilagdagar skal ikkje reknast med.
Eksamen kan organiserast i to delar, der den første delen er ei førebuing og den andre delen er sjølve eksamen. Førebuingsdelen kan vere på inntil 2 dagar og skal normalt ikkje inngå i vurderingsgrunnlaget.
Rammene for eksamen på eksamensdagen skal vere:
a)
skriftleg eksamen - inntil 5 timar
b)
munnleg eksamen - inntil 30 minutt per elev
c)
munnleg-praktisk eksamen - inntil 45 minutt per elev
d)
praktisk eksamen - inntil 5 timar.
Prøvesvara ved lokalt gitt eksamen skal vurderast av to sensorar. Den eine sensoren skal vere ekstern. Den andre sensoren kan vere faglæraren til eleven. Faglæraren har plikt til å delta i vurderinga som sensor. Dersom det er usemje om karakteren, avgjer den eksterne sensoren. Som sensor ved lokalt gitt eksamen i programfag i yrkesfaglege utdanningsprogram kan det også oppnemnast ein fagarbeidar med praksis frå arbeidslivet.
Ved eksamen som krev eksaminator, skal den eine sensoren vere eksaminator. Eksamineringa skal gi elevane høve til å syne kompetanse i så stor del av faget som mogleg. Dersom det er usemje om kva eleven skal prøvast i, er det den eksterne sensoren som avgjer.

§ 3-29.  Hjelpemiddel til eksamen
Eksamen kan organiserast med eller utan hjelpemiddel. Utdanningsdirektoratet fastset kva for hjelpemiddel som er tillatne i kvart fag ved sentralt gitt eksamen.
Ved lokalt gitt eksamen i grunnskolen fastsett vertskommunen kva hjelpemiddel som skal tillatast. Dei tillatne hjelpemidla må ikkje svekkje grunnlaget for å vurdere kompetansen til eleven.
Ved lokalt gitt eksamen i vidaregåande opplæring fastset vertsfylket kva hjelpemiddel som skal tillatast. Dei tillatne hjelpemidla må ikkje svekkje grunnlaget for å vurdere kompetansen til eleven.

§ 3-30.  Særskild tilrettelegging av eksamen
Elevar med behov for særskild tilrettelegging skal kunne få lagt forholda til rette slik at dei kan få vist kompetansen sin ut frå kompetansemåla i fag i den læreplanen skolen har fått godkjend etter Privatskolelova § 2-3. Tiltaka må vere tilpassa behova til eleven så langt råd er.
Tiltaka må ikkje føre til at eleven får fordelar framfor andre som ikkje får tilrettelegging ved eksamen. Tilrettelegginga må heller ikkje vere så omfattande at eleven ikkje blir prøvd i kompetansemåla i fag i den læreplanen skolen har fått godkjend etter Privatskolelova § 2-3. Der det i kompetansemåla er kravd skriftlege, munnlege eller praktiske ferdigheiter, er det ikkje høve til å leggje til rette eksamen slik at desse ferdigheitene ikkje blir prøvde, når slik prøving er fastsett i eksamensforma for faget.
Dagleg leiar avgjer etter søknad kva for ordningar som skal nyttast for elevar. Avgjerda til dagleg leiar er eit enkeltvedtak som kan påklagast til fylkesmannen. Dagleg leiar kan krevje uttale frå ein sakkunnig instans. Særskild tilrettelegging av eksamen krev ikkje vedtak om spesialundervisning.

§ 3-31.  Særskild eksamen for elevar i vidaregåande opplæring
Ein elev som får karakteren 1 i standpunktkarakter i eit fag, har rett til særskild eksamen i faget dersom han eller ho ikkje er trekt ut til eksamen i faget. Det gjeld òg for fag der det ikkje blir halde eksamen ordinært.
Særskild eksamen blir normalt halden samtidig med utsett og ny eksamen.

§ 3-32.  Ny eksamen for elevar i vidaregåande opplæring
Ein elev som får karakteren 1 ved ordinær eksamen, har rett til ny eksamen i faget ved første etterfølgjande eksamen. Eleven beheld standpunktkarakter i faget.
Dersom eleven ikkje går opp til første etterfølgjande eksamen, må han eller ho ta faget som privatist, jf. forskrift til Opplæringslova § 3-10, og standpunktvurderinga i faget fell bort.

§ 3-33.  Utsett eksamen for elevar i vidaregåande opplæring
Ein elev som har dokumentert fråvær ved ordinær eksamen, eller dokumentert fråvær ved særskild eksamen eller ny eksamen, har rett til å framstille seg til første etterfølgjande eksamen. Eleven beheld standpunktkarakter i faget.
Dersom eleven ikkje går opp til første etterfølgjande eksamen, må han eller ho ta faget som privatist, jf. [forskrift til] Opplæringslova § 3-10, og eventuell standpunktvurdering i faget fell bort.
Fråvær frå eksamen blir rekna som dokumentert når eleven er hindra frå å møte til eksamen, hindringa er uføreseieleg og han eller ho elles ikkje kan lastast for hindringa. Eleven må leggje fram dokumentasjon på dette.
Dersom ein elev har rett til utsett eksamen i trekkfag, skal trekkinga av fag gjerast på ny.

§ 3-34.  Bortvising frå eksamen
Elevar skal ikkje hindre eller forstyrre gjennomføringa av eksamen. Dersom åtferda til ein elev er i strid med denne føresegna, kan eleven, etter å ha blitt åtvara, visast bort. Bortvising skal avgjerast av dagleg leiar sjølv og er eit enkeltvedtak som kan påklagast til fylkesmannen. Eleven skal ha høve til å uttale seg munnleg for dagleg leiar før dagleg leiar eventuelt fattar enkeltvedtaket om bortvising.
Dersom ein elev i vidaregåande opplæring får medhald i klagen, har han eller ho rett til ny eksamen ved første etterfølgjande eksamen.

§ 3-35.  Annullering av eksamen
Dersom det er gjort formelle feil ved avviklinga av eksamen, eller dersom eksamen av anna årsak ikkje er avvikla i samsvar med føresegnene, kan Utdanningsdirektoratet annullere eksamen.
Dersom ein elev har vore oppe til eksamen i eit fag der han eller ho ikkje får standpunktkarakter, blir eksamenen annullert.
Elevar i vidaregåande opplæring som har fått eksamenen sin annullert av Utdanningsdirektoratet, har rett til å gå opp til ny eksamen ved første etterfølgjande eksamen. Utdanningsdirektoratet kan òg gi dispensasjon frå krava til vitnemål i § 3-40 dersom omsynet til elevane tilseier det.
Eksamen i eit fag kan annullerast dersom eleven har fuska eller forsøkt å fuske ved eksamen. Dette gjeld også dersom det er sensorane som oppdagar fusk eller forsøk på fusk. Spørsmålet om annullering av eksamen i faget skal avgjerast av dagleg leiar sjølv. Eleven skal ha høve til å uttale seg munnleg for dagleg leiar før dagleg leiar fattar enkeltvedtak om annullering av eksamen. Eleven har likevel rett til å fullføre eksamen på eksamensdagen. Enkeltvedtak om annullering av eksamen kan påklagast til fylkesmannen.
For elevar som får eksamen annullert på grunn av fusk eller forsøk på fusk, fell standpunktkarakteren bort.
Dersom eksamen i vidaregåande opplæring blir annullert på grunn av fusk eller forsøk på fusk, kan kandidaten gå opp til eksamen i faget som privatist, jf. forskrift til Opplæringslova § 3-10, tidlegast eitt år etter den annullerte eksamenen.
VI. Dokumentasjon
§ 3-36.  Rett til dokumentasjon
Alle som har fullført grunnopplæringa etter Privatskolelova, har rett til å få opplæringa dokumentert. Elevar som har gått gjennom delar av opplæringa, har krav på å få denne dokumentert.
Utdanningsdirektoratet fastset dei formulara som skal nyttast.
Elevar i vidaregåande opplæring som oppnår ny(e) karakter(ar) i fag eller tek nye fag, har rett til ny dokumentasjon.
Dersom dokumentasjonen går tapt, skal det skrivast ut ny dokumentasjon som er så identisk som råd er, men dokumentasjonen skal ikkje tilbakedaterast.

§ 3-37.  Forsvarleg system for føring av karakterar og fråvær
Kvar skole skal ha eit forsvarleg system for føring av karakterar, eller anna godkjend vurdering og fråvær, jf. Privatskolelova § 5-2 første ledd.
Fråvær, halvårsvurdering med karakterar, standpunktkarakterar og eksamenskarakterar skal førast inn i systemet skolen bruker. Dette gjeld både karakterar i fag og karakterar i orden og åtferd. Karakterane er fastsette når karakterane er førte inn.
Halvårsvurdering med karakter kan ikkje endrast etter at dei er gitt. Standpunktkarakterar og eksamenskarakterar kan endrast etter klage. Føringsfeil skal rettast og attesterast av dagleg leiar.
Elevar som blir fritekne for opplæringsplikt etter Opplæringslova § 2-1 fjerde ledd, skal framleis stå oppførte i systemet for føring av karakterar.

§ 3-38.  Dispensasjon
Departementet kan i særlege tilfelle gi dispensasjon frå reglane om dokumentasjon i § 3-35 til § 3-44.
Særskild om retten til dokumentasjon av grunnskoleopplæringa
§ 3-39.  Vitnemål i grunnskolen
Alle elevar skal ha vitnemål når dei fullfører grunnskoleopplæringa etter Privatskolelova. Vitnemålet til eleven skal innehalde standpunktkarakterar, eksamenskarakterar, eller anna godkjend vurdering og fråvær.
Elevar med samisk i fagkrinsen skal ha vitnemål med norsk og samisk tekst.
For elevar som ikkje har fått standpunktkarakter i eitt fag fordi grunnlaget for vurdering manglar, skal det ikkje førast karakter i faget på vitnemålet. Det skal då førast på vitnemålet at vurdering ikkje var mogleg. Siste halvårsvurdering med karakter skal ikkje førast som standpunktkarakter.
Elevar som har hatt individuell opplæringsplan, skal få dette ført på vitnemålet dersom eleven eller foreldra ønskjer det.
Elevar som er heilt eller delvis fritekne for vurdering med karakterar, skal ha vitnemål som viser at eleven har fullført grunnskoleopplæringa.

§ 3-40.  Føring av fråvær i grunnskolen
Frå og med 8. årstrinnet skal alt fråvær førast på vitnemålet. Fråvær skal førast i dagar og enkelttimar.
Eleven eller foreldra kan krevje at årsaka til fråværet blir ført på eit vedlegg til vitnemålet. Dette gjeld berre når eleven har lagt fram dokumentasjon på årsaka til fråværet.
Dersom det er mogleg, skal eleven leggje fram dokumentasjon av fråværet frå opplæringa på førehand.
For inntil 14 skoledagar i eit opplæringsår, kan eleven krevje at følgjande fråvær ikkje vert ført på vitnemålet:
a)
dokumentert fråvær som skyldast helsegrunnar
b)
innvilga permisjon etter Opplæringslova § 3-13 [2-11].
Særskilt om retten til dokumentasjon av vidaregåande opplæring
§ 3-41.  Vitnemål i vidaregåande opplæring
Vitnemål blir gitt som dokumentasjon for bestått opplæringsløp som gir studie- og/eller yrkeskompetanse. Elevar som har samisk i fagkrinsen, skal ha vitnemål med norsk og samisk tekst.
For å få vitnemål må alle fag og eksamenar som skal stå på vitnemålet i samsvar med den læreplanen skolen har fått godkjend etter Privatskolelova § 2-3, vere bestått, med mindre det kan gjerast unntak frå dette kravet med heimel i § 3-19 til § 3-22, § 3-38 eller § 3-43.
Vitnemål for elevar skal skrivast ut av skolen der eleven fullfører og består opplæringa. Skolen er også ansvarleg for å skrive ut vitnemål til elevar som fullfører opplæringa, men først seinare består alle fag.

§ 3-42.  Førstegongsvitnemål
Førstegongsvitnemål, jf. § 7-2 i forskrift 31. januar 2007 nr. 173 om opptak til høgare utdanning, blir gitt til den som ved utløpet av normal tid i tråd med fastsett opplæringsløp i den læreplanen skolen har fått godkjend etter Privatskolelova § 2-3, har bestått vidaregåande opplæring som gir generell studiekompetanse. Det er mogleg å føre karakterar som er oppnådde etter normal tid ved særskild eksamen etter § 3-31, utsett eksamen etter § 3-33 og ny eksamen etter § 3-34 og § 3-35.
Førstegongsvitnemål kan berre skrivast ut éin gong til den personen det gjeld. Det gjeld likevel ikkje dersom vedkommande får endra karakter(ar) på grunnlag av klage.
Elevane kan få ført på førstegongsvitnemålet karakterar som er forbetra innan utløpet av normal tid. Det er mogleg å få ført på karakterar i fag som går utover minstekravet til studiekompetanse, og som er oppnådde innan utløpet av normal tid.
Kravet om gjennomført vidaregåande opplæring på normal tid kan etter søknad bli utvida til maksimalt fem år. Dette gjeld dersom det blir lagt fram skriftleg dokumentasjon på at eleven har vore fråverande frå opplæringa i ein lengre periode i løpet av eit opplæringsår på grunn av eitt eller fleire av desse forholda:
a)
vedkommande innanfor denne perioden gjennomfører internasjonal utveksling som medfører tap av opplæringstid
b)
vedkommande innanfor denne perioden gjennomfører folkehøgskole, verneplikt eller i minst seks månader av opplæringsåret utfører omsorgsarbeid
c)
vedkommande har hatt fråvær på grunn av langvarig sjukdom
d)
vedkommande har innanfor denne perioden fått innvilga søknad om omval etter Privatskolelova § 3-3 fjerde ledd og Opplæringslova § 3-1 fjerde ledd
e)
vedkommande har fått rett til ekstra opplæringstid etter reglane i Opplæringslova § 3-1 femte ledd.
Føresegna gjeld og for elevar som hausten 2009 eller tidlegare er tekne inn til vidaregåande opplæring etter læreplanen skolen har fått godkjend etter Privatskolelova § 2-3 over fire år i en kombinasjon med ordinær treårig vidaregåande opplæring og idrettsutøving.

§ 3-43.  Unntak for elevar frå vilkåra for å få vitnemål i yrkesfaglege utdanningsprogram
Elevar i yrkesfaglege utdanningsprogram som har følgt opplæringa, men ikkje bestått i inntil to av fellesfaga som inngår i fag- og timefordelinga for opplæringa, kan likevel i særskilde tilfelle få utferda vitnemål som gir yrkeskompetanse, men ikkje vitnemål som gir generell studiekompetanse. Samtykke til slikt unntak kan bli gitt etter søknad når eleven:
a)
har vore friteken for vurdering med karakter i faget/faga i grunnskolen
b)
har vore friteken for vurdering med karakter i faget/faga i den vidaregåande skolen
c)
har spesifikke lærevanskar, t.d. store lese- og skrivevanskar eller store matematikkvanskar. Slike vanskar kan også vurderast etter at standpunktkarakter er sett eller eksamen har vore gjennomført.
I dei yrkesfaga der det er knytt offentleg nasjonal eller internasjonal sertifisering til eit utferda vitnemål, kan det ikkje gjerast unntak i strid med slike sertifiseringsføresegner.
Før søknader om unntak kan bli behandla, skal det liggje føre dokumentasjon som viser at vilkåra er oppfylte. Dokumentasjonen må vere av nyare dato. Før søknader om unntak etter første ledd bokstav c kan bli behandla, skal det liggje føre ei sakkunnig vurdering. Den pedagogisk-psykologiske tenesta skal sørgje for å få utarbeidd slik vurdering.
Dagleg leiar avgjer søknad om unntak i samsvar med vilkåra. Eleven kan ikkje få førehandstilsegn om unntak etter denne paragrafen.

§ 3-44.  Kompetansebevis
Kompetansebevis blir skrive ut som dokumentasjon for vidaregåande opplæring i dei tilfella der vilkåra for å få vitnemål ikkje er oppfylte.
Kompetansebeviset skal vise kva for standpunkt- og eksamenskarakterar som er oppnådde. I fellesfag der det ikkje skal setjast standpunktkarakter på lågare nivå etter den læreplanen skolen har fått godkjend etter Privatskolelova § 2-3, skal halvårsvurderinga med karakter som eleven får ved avslutning av opplæringsåret førast på kompetansebeviset. Dette gjeld dersom eleven ikkje fullfører faget på nivået der den læreplanen skolen har fått godkjend etter Privatskolelova § 2-3, fastset at standpunktkarakter skal givast. Det skal då førast ein merknad om at karakteren som førast er halvårsvurdering med karakter. Kompetansebevis blir også skrive ut som dokumentasjon på gjennomgått opplæring i dei tilfella der eleven berre har fått opplæring i delar av eit fag.
For elevar skal kompetansebevis skrivast ut av skolen/skolane der eleven har oppnådd standpunkt- og eksamenskarakterar.

§ 3-45.  Føring av karakterar i fag på vitnemål og kompetansebevis
For elevar skal berre standpunktkarakterar og eksamenskarakterar førast på vitnemålet. Det er fastsett i den læreplanen skolen har fått godkjend etter Privatskolelova § 2-3 når standpunktkarakter skal fastsetjast. Halvårsvurdering med karakter i fellesfag på lågare nivå skal ikkje førast på vitnemålet.
I dei programfaga som har fleire nivå, skal alle standpunktkarakterar som er oppnådde på kvart nivå, førast på dokumentasjonen.
Det er mogleg å få ført på vitnemålet karakterar i fag som går utover minstekravet til studie- eller yrkeskompetanse.
For elevar som får fritak frå vurdering jf. § 3-21, men ikkje fritak frå opplæring i skriftleg sidemål, skal det for skriftleg sidemål stå «Delteke» på vitnemålet eller kompetansebeviset, ikkje talkarakter.
For elevar i vidaregåande opplæring med individuell opplæringsplan som ikkje gir grunnlag for å fastsetje standpunktkarakter, jf. § 3-3 og § 3-17, skal kompetansen til eleven dokumenterast på kompetansebeviset.

§ 3-46.  Føring av fråvær i vidaregåande opplæring
Alt fråvær for skal førast på vitnemålet og kompetansebeviset. Fråvær skal førast i dagar og enkelttimar.
Dagleg leiar kan avgjere om fråvær for den som er deltidselev, skal førast i dagar og timar eller berre i timar. For elevar som skal ha kompetansebevis, skal fråvær førast på kompetansebeviset.
Eleven kan krevje at årsaka til fråværet blir ført på eit vedlegg vitnemålet eller kompetansebeviset, dersom han eller ho legg fram dokumentasjon på årsaka til fråværet.
Dersom det er mogleg, skal eleven leggje fram dokumentasjon av fråværet frå opplæringa på førehand.
For inntil samanlagt 14 skoledagar i eit opplæringsår, kan ein elev krevje at følgjande fråvær ikkje blir ført på vitnemålet dersom det kan dokumenterast at fråværet skyldast:
a)
helse- og velferdsgrunnar
b)
arbeid som tillitsvald
c)
politisk arbeid
d)
hjelpearbeid
e)
lovpålagt oppmøte
f)
representasjon i arrangement på nasjonalt og internasjonalt nivå.
Organisert studiearbeid og skoleadministrative gjeremål etter avtale med faglæraren eller dagleg leiar, skal ikkje reknast som fråvær.
Innanfor ramma av 14 skoledagar kan elevar som er medlemmer av andre trussamfunn enn Den norske kyrkja, krevje at inntil to dagar fråvær som er knytt opp mot ei religiøs høgtid, ikkje blir ført på vitnemålet.
Innhold
Kapittel 1.
Virkeområde
Kapittel 2.
Rapportering og evaluering av opplæringsverksemda
Kapittel 2A.
Fysisk aktivitet
Kapittel 3.
Individuell vurdering i grunnskolar og i vidaregåande opplæring
Kapittel 5. Klage på vurdering av elevar
Kapittel 5A.
Fritak frå opplæring
Kapittel 6.
Skyss av elevar i vidaregåande opplæring
Kapittel 7. Retten til nødvendig rådgiving
Kapittel 7A.
Ulykkesforsikring for elevar
Kapittel 7B. Ordning med gratis frukt og grønsaker
Kapittel 8.
Krav om politiattest ved tilsetjing i frittståande grunnskolar og frittståande vidaregåande skolar
Kapittel 9. Offentleg tilskot til skolepengar
Kapittel 10. Husleige og kapitalkostnader
Kapittel 10A. Trykte og digitale læremiddel og digitalt utstyr i vidaregåande opplæring
Kapittel 11.
Vaksne søkarar utan rett til vidaregåande opplæring
Kapittel 12. Søknadsfrist for oppstart av skole mv.
Kapittel 13. Sluttføresegner
  
Ord for dagen
2764
Det er ikke noe galt i at mennesker eier rikdommer,
men det blir galt når rikdommene eier menneskene.
Billy Graham
  
Forskrifter til
Privatskolelova
Alfabetisk
Kronologisk