oppnett.no

Nettsted for skoler og barnehager

Lokale lenker
Planer:
Kunnskapsløftet
Rammeplan for barnehager
Læreplan i norsk og samfunnskunnskap for utlendinger
Lover:
Barnehageloven
Opplæringslova
Privatskolelova
Voksenopplæringsloven
Forskrifter til:
Barnehageloven
Opplæringslova
Privatskolelova
Voksenopplæringsloven
Forskrifter om:
Miljørettet helsevern i skole og barnehage
Opplæring i norsk og samfunnskunnskap for nyankomne innvandrere
Forskrift
2006-07-14 nr. 932
Forskrift til: Privatskolelova
Forskrift til Privatskolelova
 
Kapittel 2. Rapportering og evaluering av opplæringsverksemda
(Heimel: Privatskolelova § 7-2 tredje ledd)


§ 2—1.  Verksemdsbasert vurdering
Skolen skal jamleg vurdere i kva grad organiseringa, tilrettelegginga og gjennomføringa av opplæringa medverkar til å nå dei måla som er fastsette i den læreplanen skolen har fått godkjend etter Privatskolelova § 2-3 og § 6A-2. Skolen sitt styre har ansvar for å sjå til at vurderinga blir gjennomført etter føresetnadene.

§ 2—2.  Rapportering frå skolen
Skolen sitt styre skal medverke til å etablere administrative system og å innhente statistiske og andre opplysningar som trengst for å vurdere tilstanden og utviklinga innanfor opplæringa.

§ 2—3.  Nasjonale undersøkingar om læringsmiljøet for elevane
Skolen sitt styre skal sørgje for at nasjonale undersøkingar om motivasjon, trivsel, mobbing, elevmedverknad, elevdemokrati og det fysiske miljøet blir gjennomførte og følgde opp lokalt.

§ 2—4.  Prøver, utvalsprøver og andre undersøkingar
Elevar skal delta i prøver, utvalsprøver og andre undersøkingar fastsette av departementet. Skolen sitt styre skal sørgje for at dette blir gjennomført.
For elevar som får spesialundervisning, jf. Privatskolelova § 3-6, og når det dessutan er klart at prøvene ikkje vil ha mykje å seie for opplæringa til eleven, kan skolen gjere vedtak om å frita eleven frå å delta i prøvene. Det same gjeld grunnskoleelevar som får særskild språkopplæring etter Privatskolelova § 3-5, og elevar som går i vidaregåande opplæring, og som følgjer individuell opplæringsplan i norsk. Eleven sjølv eller foreldra eller dei føresette kan likevel bestemme at eleven skal ta prøvene.
Skolar som er godkjende på grunnlag av ei anerkjend pedagogisk retning, skal kunne søkje om å leggje prøvene til eit anna trinn enn det som er fastsett, eller søkje fritak frå å delta i prøvene. Slike søknader må grunngivast ut frå læreplanane til skolen. Søknaden skal sendast til Utdanningsdirektoratet.
Internasjonale skolar kan etter søknad til Utdanningsdirektoratet få fritak dersom det verkar openbert urimeleg at elevane skal delta i prøvene.
Departementet fastsett nærmare reglar for gjennomføringa av prøvene.
Innhold
Kapittel 1.
Virkeområde
Kapittel 2.
Rapportering og evaluering av opplæringsverksemda
Kapittel 2A.
Fysisk aktivitet
Kapittel 3.
Individuell vurdering i grunnskolar og i vidaregåande opplæring
Kapittel 5. Klage på vurdering av elevar
Kapittel 5A.
Fritak frå opplæring
Kapittel 6.
Skyss av elevar i vidaregåande opplæring
Kapittel 7. Retten til nødvendig rådgiving
Kapittel 7A.
Ulykkesforsikring for elevar
Kapittel 7B. Ordning med gratis frukt og grønsaker
Kapittel 8.
Krav om politiattest ved tilsetjing i frittståande grunnskolar og frittståande vidaregåande skolar
Kapittel 9. Offentleg tilskot til skolepengar
Kapittel 10. Husleige og kapitalkostnader
Kapittel 10A. Trykte og digitale læremiddel og digitalt utstyr i vidaregåande opplæring
Kapittel 11.
Vaksne søkarar utan rett til vidaregåande opplæring
Kapittel 12. Søknadsfrist for oppstart av skole mv.
Kapittel 13. Sluttføresegner
  
Ord for dagen
2762
Gå til mauren, du late, se på dens strev og bli vis!
Bibelen
  
Forskrifter til
Privatskolelova
Alfabetisk
Kronologisk