oppnett.no

Nettsted for skoler og barnehager

Lokale lenker
Planer:
Kunnskapsløftet
Rammeplan for barnehager
Læreplan i norsk og samfunnskunnskap for utlendinger
Lover:
Barnehageloven
Opplæringslova
Privatskolelova
Voksenopplæringsloven
Forskrifter til:
Barnehageloven
Opplæringslova
Privatskolelova
Voksenopplæringsloven
Forskrifter om:
Miljørettet helsevern i skole og barnehage
Opplæring i norsk og samfunnskunnskap for nyankomne innvandrere
Forskrift
2006-06-23 nr. 724
Forskrift til:
Opplæringslova
Opplæringsforskrifta
 
Kapittel 3. Individuell vurdering i grunnskolen og i vidaregåande opplæring

I

Generelle føresegner
§ 3-1
Rett til vurdering
§ 3-2
Formålet med vurdering
§ 3-3
Grunnlaget for vurdering i fag
§ 3-4
Karakterar i fag mv.
§ 3-5
Grunnlaget for vurdering i orden og i åtferd
§ 3-6
Karakterar i orden og i åtferd
§ 3-7
Varsling
§ 3-8
Dialog om anna utvikling
§ 3-9
Kontakt med heimen i grunnskolen
§ 3-10
Privatistar

II

Undervegsvurdering
§ 3-11
Undervegsvurdering
§ 3-12
Eigenvurdering
§ 3-13
Halvårsvurdering i fag for elevar
§ 3-14
Halvårsvurdering for lærlingar og lærekandidatar i bedrift
§ 3-15
Halvårsvurdering i orden og i åtferd for elevar
§ 3-16
Kravet til dokumentering av undervegsvurderinga

III

Sluttvurdering
§ 3-17
Sluttvurdering i fag
§ 3-18
Standpunktkarakterar i fag
§ 3-19
Standpunktkarakterar i orden og i åtferd

IV

Fritak frå vurdering
§ 3-20
Fritak frå vurdering med karakter for elevar med individuell opplæringsplan
§ 3-21
Fritak frå vurdering med karakter for minoritetsspråklege elevar i grunnskolen
§ 3-22
Fritak frå vurdering med karakter i skriftleg sidemål
§ 3-23
Fritak frå vurdering med karakter i den praktiske delen av faget kroppsøving i vidaregåande opplæring
§ 3-24
Fritak frå eksamen

V

Eksamen
§ 3-25
Generelle føresegner
§ 3-26
Melding av elevar til eksamen
§ 3-27
Melding av privatistar til eksamen i vidaregåande opplæring
§ 3-28
Sentralt gitt eksamen
§ 3-29
Lokalt gitt eksamen i grunnskolen
§ 3-30
Lokalt gitt eksamen i vidaregåande opplæring
§ 3-31
Hjelpemiddel til eksamen
§ 3-32
Særskild tilrettelegging av eksamen
§ 3-33
Særskild eksamen for elevar i vidaregåande opplæring
§ 3-34
Ny eksamen for elevar i vidaregåande opplæring
§ 3-35
Utsett eksamen for elevar og privatistar i vidaregåande opplæring
§ 3-36
Bortvising frå eksamen
§ 3-37
Annullering av eksamen

VI

Dokumentasjon
§ 3-38
Rett til dokumentasjon
§ 3-39
Forsvarleg system for føring av karakterar og fråvær

Særskild om retten til dokumentasjon av grunnskoleopplæringa
§ 3-40
Vitnemål i grunnskolen
§ 3-41
Føring av fråvær i grunnskolen

Særskild om retten til dokumentasjon av vidaregåande opplæring
§ 3-42
Vitnemål i vidaregåande opplæring
§ 3-43
Førstegongsvitnemål
§ 3-44
Unntak for elevar og lærlingar frå vilkåra for å få vitnemål i yrkesfaglege utdanningsprogram
§ 3-45
Kompetansebevis
§ 3-46
Føring av karakterar i fag på vitnemål og kompetansebevis
§ 3-47
Føring av fråvær i vidaregåande opplæring

VII

Særskilde føresegner for fag-/sveineprøva og kompetanseprøva
§ 3-48
Fag- og sveineprøve
§ 3-49
Kompetanseprøve for lærekandidatar
§ 3-50
Melding til fag-/sveineprøve og kompetanseprøve
§ 3-51
Krav om bestått i fag for å framstille seg til fag- og sveineprøve for lærlingar og elevar
§ 3-52
Eksamen i læretida for særskilde lærefag
§ 3-53
Eksamen i læretida for særløpsfag
§ 3-54
Vurdering for lærlingar som har lærekontrakt som omfattar opplæring i programfag som er fastsette i fag- og timefordelinga for Vg1, Vg2 og eventuelt Vg3 i skole
§ 3-55
Særlege føresegner om fag- og sveineprøve for praksiskandidatar
§ 3-56
Prøvenemnd for fag- og sveineprøve
§ 3-57
Innhald i og omfang av fag- og sveineprøva
§ 3-58
Gjennomføring av fag- og sveineprøva
§ 3-59
Vurdering av fag- og sveineprøva
§ 3-60
Utarbeiding, innhald og vurdering av kompetanseprøva
§ 3-61
Oppbevaring av prøvearbeid for fag- og sveineprøva
§ 3-62
Ny fag- og sveineprøve og kompetanseprøve
§ 3-63
Utsett fag-/sveineprøve og kompetanseprøve
§ 3-64
Særleg tilrettelegging av fag-/sveineprøva og kompetanseprøva
§ 3-65
Reaksjonsmåtar ved fusk
§ 3-66
Bortvising frå fag-/sveineprøva og kompetanseprøva
§ 3-67
Krav til fag- og sveinebrev
§ 3-68
Vitnemål og kompetansebevis

I. Generelle føresegner

§ 3—1.  Rett til vurdering
Elevar i offentleg grunnskoleopplæring og elevar, lærlingar og lærekandidatar i offentleg vidaregåande opplæring har rett til vurdering etter reglane i dette kapitlet. Retten til vurdering inneber både ein rett til undervegsvurdering og sluttvurdering og ein rett til dokumentasjon av opplæringa. Kapitlet gjeld for privatistar, så langt det er fastsett i føresegnene her. Praksiskandidatar reknast som privatistar i kapitlet her, dersom ikkje anna er særskild fastsett i føresegnene her. Kapitlet gjeld for elevar i skolar som er godkjende etter Opplæringslova § 2-12.
Reglane i kapitlet gjeld ikkje for dei som får privat opplæring i heimen etter Opplæringslova § 2-13.
Kapitlet gjeld heller ikkje for offentleg grunnskoleopplæring eller offentleg vidaregåande opplæring særskilt organisert for vaksne etter Opplæringslova kapittel 4A. For vurdering i opplæring særskilt organisert for vaksne, gjeld kapittel 4.
Det skal vere kjent for eleven, lærlingen og lærekandidaten kva som er måla for opplæringa og kva som blir vektlagt i vurderinga av hennar eller hans kompetanse. Det skal og være kjent for eleven kva som er grunnlaget for vurdering og kva som blir vektlagt i vurdering i orden og åtferd.
Skoleeigar har ansvaret for at eleven, lærlingen eller lærekandidaten sin rett til vurdering blir oppfylt, jf. Opplæringslova § 13-10 første ledd. Ved opplæring i bedrift er det lærebedrifta som oppfyller lærlingen og lærekandidaten sin rett til vurdering.

§ 3—2.  Formålet med vurdering
Formålet med vurdering i fag er å fremje læring undervegs og uttrykkje kompetansen til eleven, lærlingen og lærekandidaten undervegs og ved avslutninga av opplæringa i faget. Vurderinga skal gi god tilbakemelding og rettleiing til elevane, lærlingane og lærekandidatane.
Undervegsvurdering skal brukast som ein reiskap i læreprosessen, som grunnlag for tilpassa opplæring og bidra til at eleven, lærlingen eller lærekandidaten aukar kompetansen sin i fag.
Sluttvurderinga skal gi informasjon om kompetansen til eleven, lærlingen og lærekandidaten ved avslutninga av opplæringa i faget.
Formålet med vurdering i orden og i åtferd er å bidra i sosialiseringsprosessen til eleven, skape eit godt psykososialt miljø og gi informasjon om eleven sin orden og åtferd.
Undervegsvurdering og sluttvurdering skal sjåast i samanheng for å betre opplæringa. Kunnskap om elevens, lærlingens og lærekandidatens utvikling i fag, orden og åtferd gjennom undervegsvurdering gir læraren grunnlag for å fastsetje standpunktkarakter i fag, orden og åtferd.

§ 3—3.  Grunnlaget for vurdering i fag
Grunnlaget for vurdering i fag er dei samla kompetansemåla i læreplanane for fag slik dei er fastsette i læreplanverket, jf. § 1-1 eller § 1-3.
I vurderinga i fag skal ikkje føresetnadene til den enkelte, fråvær, eller forhold knytte til ordenen og åtferda til eleven, lærlingen eller lærekandidaten trekkjast inn. I grunnskolen skal det i faget kroppsøving i vurderinga leggjast vekt på både oppnådd kompetanse og føresetnadene til eleven. I vidaregåande opplæring skal ikkje elevens føresetnader trekkjast inn i vurderinga i faget kroppsøving.
Læraren og instruktøren skal så langt råd er, skaffe tilstrekkeleg grunnlag for å vurdere kompetansen til eleven, lærling og lærekandidaten, slik at retten eleven, lærlingen og lærekandidaten har etter § 3-1, blir oppfylt. Det gjeld òg dersom stort fråvær eller andre særlege grunnar gjer vurdering vanskeleg. Eleven, lærlingen eller lærekandidaten skal møte til og delta aktivt i opplæringa slik at læraren eller instruktøren får grunnlag for å vurdere eleven, lærlingen eller lærekandidaten sin kompetanse i faget. Stort fråvær, manglande deltaking i planlagde vurderingssituasjonar eller andre særlege grunnar kan føre til at grunnlaget for halvårsvurdering med karakter eller standpunktkarakter manglar.

§ 3—4.  Karakterar i fag mv.
I grunnskolen til og med 7. årstrinnet skal det berre givast vurdering utan karakterar.
Frå 8. årstrinn og i vidaregåande opplæring skal vurdering også givast med talkarakterar. Det skal brukast talkarakterar på ein skala frå 1 til 6. Berre heile talkarakterar skal brukast.
Dei enkelte karaktergradene har dette innhaldet:
a)
karakteren 6 uttrykkjer at eleven har framifrå kompetanse i faget
b)
karakteren 5 uttrykkjer at eleven har mykje god kompetanse i faget
c)
karakteren 4 uttrykkjer at eleven har god kompetanse i faget
d)
karakteren 3 uttrykkjer at eleven har nokså god kompetanse i faget
e)
karakteren 2 uttrykkjer at eleven har låg kompetanse i faget
f)
karakteren 1 uttrykkjer at eleven har svært låg kompetanse i faget.
I vidaregåande opplæring svarer bestått til karakterane 2 til 6. Departementet kan i spesielle tilfelle fastsetje ei anna grense for bestått i læreplanverket. Fag med karakteren 1 i standpunkt er bestått når eksamenskarakteren er 2 eller betre. Det gjeld ikkje dersom eksamenskarakteren er for ein tverrfagleg eksamen.
Det går fram av læreplanverket at det i enkelte fag skal brukast andre uttrykk enn talkarakterar. Dei andre uttrykka er
a)
bestått/ikkje bestått: for å få karakteren bestått skal eleven ha vist tilfredsstillande kompetanse i faget
b)
delteke/ikkje delteke.
Ved fag- og sveineprøve og kompetanseprøve skal det ved vurderinga brukast ein tredelt skala som har dette innhaldet:
a)
bestått mykje godt: mykje god eller framifrå kompetanse i faget
b)
bestått: tilfredsstillande eller god kompetanse i faget
c)
ikkje bestått: svært låg kompetanse i faget.

§ 3—5.  Grunnlaget for vurdering i orden og i åtferd
Grunnlaget for vurdering i orden og i åtferd er knytt til i kva grad eleven opptrer i tråd med ordensreglementet til skolen.
Grunnlaget for vurdering i orden er knytt til om eleven er førebudd til opplæringa, og korleis arbeidsvanane og arbeidsinnsatsen til eleven er. Det inneber mellom anna om eleven er punktleg, følgjer opp arbeid som skal gjerast, og har med nødvendig læremiddel og utstyr.
Grunnlaget for vurdering i åtferd er knytt til korleis eleven oppfører seg overfor medelevar, lærarar og andre tilsette i og utanfor opplæringa. Det inneber mellom anna om eleven viser omsyn og respekt for andre.
Vurderinga av orden og åtferd skal haldast åtskild frå vurderinga av eleven sin kompetanse i fag.
I vurderinga i orden og i åtferd skal det takast omsyn til føresetnadene eleven har. Til vanleg skal det ikkje leggjast avgjerande vekt på enkelthendingar; unntaket er dersom enkelthendinga er særleg klanderverdig eller grov. Fråvær kan føre til nedsett karakter i anten orden eller i åtferd.

§ 3—6.  Karakterar i orden og i åtferd
I grunnskolen skal det til og med 7. årstrinnet berre givast vurdering utan karakter i orden og i åtferd.
Frå 8. årstrinnet og i vidaregåande opplæring skal vurdering i orden og i åtferd givast med karakterar. I orden og i åtferd skal då desse karakterane nyttast:
a)
God (G): vanleg god orden og vanleg god åtferd
b)
Nokså god (Ng): klare avvik frå vanleg orden og frå vanleg åtferd
c)
Lite god (Lg): i ekstraordinære tilfelle ved store avvik frå vanleg orden og frå vanleg åtferd.

§ 3—7.  Varsling
Eleven og foreldra skal varslast skriftleg dersom det er tvil om eleven kan få halvårsvurdering med karakter eller standpunktkarakter i eitt eller fleire fag fordi det ikkje er grunnlag for fastsetjing av karakter.
Eleven og foreldra skal også varslast skriftleg dersom det er fare for at eleven i halvårsvurdering med karakter eller i standpunktkarakter kan få karakteren nokså god (Ng) eller lite god (Lg) i orden eller i åtferd.
Varselet skal givast utan ugrunna opphald. Varselet skal gi eleven høve til å skaffe grunnlag for halvårsvurdering med karakter og standpunktkarakter, eller gi eleven høve til å forbetre karakteren i orden eller åtferd.
Etter at eleven har fylt 18 år, skal foreldra ikkje varslast.

§ 3—8.  Dialog om anna utvikling
Eleven, lærlingen og lærekandidaten har rett til jamleg dialog med kontaktlæraren eller instruktøren om sin utvikling i lys av Opplæringslova § 1-1, generell del og prinsipp for opplæringa i læreplanverket.

§ 3—9.  Kontakt med heimen i grunnskolen
Skolen skal halde kontakt med foreldra gjennom opplæringsåret.
Foreldra har minst to gonger i året rett til ein planlagd og strukturert samtale med kontaktlæraren om korleis eleven arbeider dagleg, og eleven sin kompetanse i faga. I tillegg skal kontaktlæraren samtale med foreldra om utviklinga til eleven i lys av Opplæringslova § 1-1, generell del og prinsipp for opplæringa i læreplanverket. Samtalen skal klargjere korleis eleven, skolen og foreldra skal samarbeide for å leggje til rette for læringa og utviklinga til eleven. Eleven kan vere med i samtalen med foreldra. Når eleven har fylt 12 år, har han eller ho rett til å vere med i samtalen. Det skal alltid sendast skriftleg melding når foreldra ikkje møter til samtale.
Når skolen eller heimen meiner det er formålstenleg, kan skriftleg melding nyttast i tillegg.

§ 3—10.  Privatistar
Privatist er etter reglane i dette kapitlet ein som har meldt seg til eksamen i eitt eller fleire fag utan å vere elev eller lærling i dette faget eller desse faga.
Privatistar går opp til eksamen i fag dei ønskjer å dokumentere kompetanse i. Eksamensforma for privatistar er fastsett i læreplanverket.
Det skal vere tilgjengeleg for privatistar kva som er måla for opplæringa og kva som blir lagt vekt på i vurderinga av hennar eller hans kompetanse.
I læreplanverket er det for enkelte fag fastsett at privatistar berre treng bestå eksamen på det høgaste nivået for å få godskrive faget på eit lågare nivå.
Barn og ungdom i opplæringspliktig alder, jf. Opplæringslova § 2-1, kan ikkje ta grunnskoleopplæringa som privatist.

II. Undervegsvurdering

§ 3—11.  Undervegsvurdering
Undervegsvurdering skal brukast som ein reiskap i læreprosessen, som grunnlag for tilpassa opplæring og bidra til at eleven, lærlingen og lærekandidaten aukar kompetansen sin i fag, jf. § 3-2. Undervegsvurderinga skal gis løpande og systematisk og kan vere både munnleg og skriftleg.
Undervegsvurderinga skal innehalde grunngitt informasjon om kompetansen til eleven, lærlingen og lærekandidaten og skal givast som meldingar med sikte på fagleg utvikling.
Eleven, lærlingen og lærekandidaten har minst ein gong kvart halvår rett til ein samtale med kontaktlæraren eller instruktøren om sin utvikling i forhold til kompetansemåla i faga. Samtalen kan gjennomførast i samband med halvårsvurderinga utan karakter, jf. § 3-13 og i grunnskolen i samband med samtalen med foreldra etter § 3-9.
Læraren skal vurdere om eleven har tilfredsstillande utbytte av opplæringa, jf. Opplæringslova § 5-1 og § 5-4.
Lærekandidatar og elevar med individuell opplæringsplan skal både ha undervegsvurdering og rettleiing i samsvar med den opplæringsplanen som er utarbeidd for dei, jf. Opplæringslova § 5-5 første ledd. Elevar som er fritekne frå vurdering med karakter etter § 3-20 skal ha undervegsvurdering utan karakter på grunnlag av måla i den individuelle opplæringsplanen så langt planen avvik frå læreplanen for faget.
Elevar som er fritekne frå vurdering med karakter etter § 3-21 til § 3-24 skal ha undervegsvurdering utan karakter i faget. Grunnlaget for vurdering er kompetansemåla i faget, jf. § 3-3.

§ 3—12.  Eigenvurdering
Eigenvurderinga til eleven, lærlingen og lærekandidaten er ein del av undervegsvurderinga. Eleven, lærlingen og lærekandidaten skal delta aktivt i vurderinga av eige arbeid, eigen kompetanse og eiga fagleg utvikling, jf. Opplæringslova § 2-3 og § 3-4.

§ 3—13.  Halvårsvurdering i fag for elevar
Halvårsvurdering i fag er ein del av undervegsvurderinga og skal syne kompetansen til eleven i forhold til kompetansemåla i læreplanverket. Ho skal også gi rettleiing om korleis eleven kan auke kompetansen sin i faget.
Det skal bli gitt halvårsvurdering utan karakter gjennom heile grunnopplæringa.
Frå 8. årstrinnet skal eleven ha halvårsvurdering utan karakter og halvårsvurdering med karakter. Halvårsvurderinga med karakter skal gi uttrykk for den kompetansen eleven har nådd ut frå det som er forventa på tidspunktet for vurderinga.
I grunnskolen skal halvårsvurderinga gjennomførast midt i opplæringsperioden på 8., 9. og 10. årstrinnet, og ved slutten av opplæringsåret på årstrinnet for fag som ikkje blir avslutta, jf. læreplanverket.
I vidaregåande opplæring skal halvårsvurdering gjennomførast midt i opplæringsperioden på kvart årstrinn. I fellesfag, jf. § 3-45, skal elevane også ha halvårsvurdering med karakter på slutten av opplæringsåret dersom faget ikkje blir avslutta, jf. læreplanverket.
Elevar som er fritekne frå vurdering med karakter etter § 3-20 til § 3-24 skal ha halvårsvurdering utan karakter. For elevar med fritak frå vurdering med karakter etter § 3-20 skal halvårsvurderinga utan karakter givast på grunnlag av måla i den individuelle opplæringsplanen så langt denne avvik frå læreplanen for faget.
Rektor har ansvaret for at faglæraren gjennomfører halvårsvurdering med og utan karakter. Dersom rektor er i tvil om reglane for halvårsvurdering er følgde, kan rektor be om ny fagleg vurdering før karakterane blir fastsette.

§ 3—14. Halvårsvurdering for lærlingar og lærekandidatar i bedrift
Halvårsvurdering er ein del av undervegsvurderinga for lærlingar og lærekandidatar. Halvårsvurderinga er utan karakter og skal beskrive kompetansen til lærlingen og lærekandidaten i forhold til kompetansemåla i læreplanverket. Ho skal også gi rettleiing om korleis lærlingen og lærekandidaten kan auke kompetansen sin i faget. Instruktøren gjennomfører halvårsvurderinga utan karakter.

§ 3—15.  Halvårsvurdering i orden og i åtferd for elevar
Halvårsvurdering i orden og i åtferd er ein del av undervegsvurderinga. Det skal givast halvårsvurdering utan karakter i orden og i åtferd i heile opplæringsløpet.
Frå 8. årstrinnet skal det givast halvårsvurdering også med karakter i orden og i åtferd. Halvårsvurdering med karakter skal fastsetjast midt i opplæringsperioden på 8., 9. og 10. årstrinnet og ved slutten av opplæringsåret så nær som etter 10. årstrinnet.
I vidaregåande opplæring i skole skal det givast halvårsvurdering med karakter midt i opplæringsperioden på kvart årstrinn. Det skal givast halvårsvurdering med karakter ved slutten av opplæringsåret dersom eleven ikkje avsluttar opplæringa i skole dette opplæringsåret. Når eleven avsluttar opplæringa i skole skal det fastsetjast standpunktkarakter i orden og i åtferd etter § 3-19.
Kontaktlæraren skal gi halvårsvurdering i orden og i åtferd i samarbeid med dei andre lærarane til eleven.

§ 3—16.  Kravet til dokumentering av undervegsvurderinga
Frå 8. årstrinnet skal alle elevar kvart halvår få halvårsvurdering med karakter i fag og i orden og i åtferd dokumentert skriftleg. Fråvær skal også dokumenterast kvart halvår.
Det skal kunne dokumenterast at undervegsvurdering er gitt, jf. § 3-11 til § 3-15.

III. Sluttvurdering

§ 3—17.  Sluttvurdering i fag
Sluttvurderinga skal gi informasjon om kompetansen til eleven, lærlingen og lærekandidaten ved avslutninga av opplæringa i fag i læreplanverket, jf. § 3-3.
Sluttvurderingar i grunnskolen er standpunktkarakterar og eksamenskarakterar.
Sluttvurderingar i vidaregåande opplæring er standpunktkarakterar, eksamenskarakterar og karakterar til fag-/sveineprøve og kompetanseprøve.
Sluttvurderingar er enkeltvedtak og kan påklagast etter reglane i kapittel 5.
Eksamen er særskilt regulert i § 3-25 til § 3-37. For fag-/sveineprøva og kompetanseprøva gjeld særskilde reglar, sjå § 3-48 til § 3-68.
Elevar i grunnopplæringa som har individuell opplæringsplan, skal vurderast etter dei samla kompetansemåla i læreplanen for faget, jf. § 3-3. Elevar i grunnskolen kan få fritak frå vurdering med karakter, jf. § 3-20. Dersom sluttvurdering ikkje er mogleg for ein elev i vidaregåande opplæring, skal eleven ha dokumentasjon ført i samsvar med § 3-45 og § 3-46.

§ 3—18.  Standpunktkarakterar i fag
Standpunktkarakterar er karakterar som blir gitt ved avslutninga av opplæringa i fag, jf. læreplanverket, og som skal førast på vitnemålet.
Standpunktkarakteren må baserast på eit breitt vurderingsgrunnlag som samla viser kompetansen eleven har i faget, jf. § 3-3. Eleven skal ha høve til å forbetre kompetansen sin i faget inntil standpunktkarakteren er fastsett. Eleven skal bli gjort kjend med kva det er lagt vekt på i fastsetjinga av hennar eller hans standpunktkarakter.
Standpunktkarakterar i fag med sentralt gitt eksamen skal fastsetjast seinast dagen før fellessensurmøtet.
Standpunktkarakterar i fag med lokalt gitt eksamen skal fastsetjast seinast dagen før skolen gjennomfører den første lokalt gitte eksamenen på det aktuelle trinnet innanfor utdanningsprogrammet.
Rektor har ansvaret for at faglærar set standpunktkarakter. Dersom rektor er i tvil om reglane for fastsetjing av standpunktkarakter er følgde, kan rektor krevje ei ny fagleg vurdering før karakterane blir fastsette og førte.
I dei tilfella der det ikkje er grunnlag for å setje standpunktkarakter, har rektor ansvaret for at det blir fatta enkeltvedtak om at standpunktkarakter ikkje skal bli gitt. For at det skal kunne gjerast enkeltvedtak om å ikkje gi karakter, skal eleven vere varsla, jf. § 3-7. Når det ikkje kan givast standpunktkarakter i grunnskolen på grunn av stort fråvær eller andre særlege grunnar, skal det ikkje førast karakter på vitnemålet.

§ 3—19.  Standpunktkarakterar i orden og i åtferd
Elevar skal ha standpunktkarakterar i orden og i åtferd etter 10. årstrinnet. I vidaregåande opplæring skal elevar ha standpunktkarakter når dei avsluttar opplæringa i skole, jf. læreplanverket.
Rektor har ansvaret for at standpunktkarakterar i orden og i åtferd blir fastsette etter drøfting i møte der lærarane til eleven er til stades. Endelege karakterar i orden og i åtferd skal fastsetjast etter at opplæringa er avslutta.

IV. Fritak frå vurdering

§ 3—20.  Fritak frå vurdering med karakter for elevar med individuell opplæringsplan
Når ein elev i grunnskolen får opplæring etter individuell opplæringsplan, avgjer foreldra om eleven skal ha vurdering med eller utan karakter. I fag der det både gis skriftlege og munnlege karakter, kan foreldra også velje om eleven skal ha berre skriftleg eller munnleg karakter i faget. Dei som vel karakter i norsk skriftleg, kan velje karakter i den eine eller begge målformene. Valretten gjeld berre i fag som er omfatta av enkeltvedtaket om spesialundervisning. der eleven får opplæring etter slik plan.
Skoleeigaren skal sørgje for at eleven og foreldra i grunnskolen får nødvendig rettleiing om kva val av vurdering utan og med karakter inneber for eleven.
Elevar i vidaregåande opplæring kan ikkje få fritak frå vurdering med karakter sjølv om dei har individuell opplæringsplan i eit fag.

§ 3—21.  Fritak frå vurdering med karakter for minoritetsspråklege elevar i grunnskolen
Minoritetsspråklege elevar i grunnskolen som begynner opplæringa i Noreg siste halvdel av eit opplæringsår, er fritekne frå vurdering med karakterar i fag dette opplæringsåret, dersom foreldra ber om dette. Dette gjeld både halvårsvurdering med karakter og standpunktvurdering.
Skoleeigaren skal sørgje for at eleven og foreldra i grunnskolen får nødvendig rettleiing om kva val av vurdering utan og med karakter inneber for eleven.

§ 3—22.  Fritak frå vurdering med karakter i skriftleg sidemål
Elevar som har hatt rett til særskild språkopplæring på 8., 9. eller 10. årstrinn i grunnskolen eller på Vg1, Vg2 eller Vg3 i vidaregåande opplæring, kan få fritak frå vurdering med karakter i skriftleg sidemål.
Når ein elev i grunnskolen og vidaregåande opplæring får opplæring etter individuell opplæringsplan, avgjer foreldra eller eleven om eleven skal ha vurdering med karakter i skriftleg sidemål. Valretten gjeld berre dersom enkeltvedtaket om spesialundervisning omfattar skriftleg sidemål.
Elevar i heile grunnopplæringa og privatistar i vidaregåande opplæring har også rett til fritak frå vurdering med karakter i skriftleg sidemål dersom dei:
a)
på grunn av sjukdom, skade eller dysfunksjon som er diagnostisert av ein sakkunnig, har problem med å greie begge målforma
b)
ikkje har gjennomgått ungdomstrinnet i norsk grunnskole
c)
fylte vilkåra for fritak frå opplæring eller vurdering i skriftleg sidemål i grunnskolen, men på grunn av dokumentert saksbehandlingsfeil likevel ikkje fekk fritak.
Skoleeigaren skal stryke standpunktkarakter eller eksamenskarakter i skriftleg sidemål dersom en elev eller privatist som har fått innvilga fritak frå vurdering med karakter etter denne føresegna, likevel har fått vurdering i skriftleg sidemål.

§ 3—23.  Fritak frå vurdering med karakter i den praktiske delen av faget kroppsøving i vidaregåande opplæring
Elevar i vidaregåande opplæring som ikkje kan følgje den ordinære opplæringa i den praktiske delen av kompetansemåla i kroppsøvingsfaget, skal få tilrettelagd opplæring så langt dette er mogleg for eleven. Elevar skal få fritak frå vurdering med karakter i den praktiske delen av faget når den tilrettelagde opplæringa eleven får ikkje kan vurderast med karakter. Det blir ikkje gitt fritak frå vurdering med karakter i den teoretiske delen av faget.

§ 3—24.  Fritak frå eksamen
Elevar som er fritekne for vurdering med karakter i fag som blir avslutta med eksamen, skal ikkje delta i eksamen i faget.
I grunnskolen kan rektor sjølv etter søknad frå foreldra frita elevar frå eksamen, når det ligg føre tungtvegande grunnar.

V. Eksamen

§ 3—25.  Generelle føresegner
Eksamen skal vere i samsvar med læreplanverket.
Læreplanen i det enkelte faget fastset om og eventuelt når i opplæringsløpet det skal vere eksamen i faget. Det er òg fastsett i læreplanen for fag om eleven skal opp til eksamen i faget, eller om elevar kan trekkjast ut, kva slags eksamensform som skal nyttast, og om eksamen skal vere lokalt gitt eller sentralt gitt. Departementet fastset kor mange eksamenar det skal vere på 10. årstrinnet og på kvart årstrinn innanfor utdanningsprogramma eller programområda i vidaregåande opplæring.
Eksamen skal organiserast slik at eleven eller privatisten kan få vist kompetansen sin i faget. Eksamenskarakteren skal fastsetjast på individuelt grunnlag og gi uttrykk for kompetansen til eleven eller privatisten slik denne kjem fram på eksamen.
Fylkeskommunen har plikt til å informere elevar og privatistar i vidaregåande opplæring om kva for reglar som gjeld for ny eksamen, utsett eksamen og særskild eksamen.
Det er ikkje ny eksamen, utsett eksamen eller særskild eksamen i grunnskolen.
For fag- og sveineprøva og kompetanseprøva gjeld reglane i § 3-48 til § 3-68.

§ 3—26.  Melding av elevar til eksamen
Skolen melder til eksamen alle elevar som tek del i opplæringa i fag som blir avslutta med eksamen. Utdanningsdirektoratet fastset meldingsfristar og korleis melding til eksamen skal gå føre seg.
Elevar i vidaregåande opplæring må sjølve melde seg til ny eksamen, utsett eksamen og særskild eksamen, jf. § 3-33 til § 3-35. Meldinga skjer til skolen.

§ 3—27.  Melding av privatistar til eksamen i vidaregåande opplæring
Privatistar har sjølve ansvaret for å melde seg til eksamen til den skolen eller den instansen som fylkeskommunen fastset. Utdanningsdirektoratet fastset meldingsfristar og korleis eksamen skal gå føre seg. Skolen eller den instansen som fylkeskommunen peikar ut, avgjer om meldinga kan godkjennast.
Ein privatist kan ikkje melde seg til eksamen i det same faget fleire stader ved same eksamen.
Den som er elev i eit fag ved fristen for melding til privatisteksamen, kan ikkje melde seg som privatist i faget til denne eksamenen. Heiltidselevar kan ikkje utan å endre elevstatusen sin, jf. § 6-2, melde seg av eit fag for å ta faget som privatist.
Privatistar må betale prøveavgifta i samsvar med fastsette satsar. Dette gjeld ikkje for utsett eksamen etter § 3-35 og ny eksamen etter § 3-36 og § 3-37.

§ 3—28.  Sentralt gitt eksamen
Ved sentralt gitt eksamen fastset Utdanningsdirektoratet korleis eksamen i det enkelte faget skal organiserast, korleis eksamensoppgåva skal vere, datoen for den enkelte eksamenen, og korleis sensurordningane skal vere.
Kommunen har ansvaret for å trekkje fag og elevar til sentralt gitt eksamen i grunnskolen og for den praktiske gjennomføringa av eksamen.
Fylkeskommunen har ansvaret for å trekkje fag og elevar til eksamen og for den praktiske gjennomføringa av eksamenen for elevar og privatistar i vidaregåande opplæring.
Eleven skal få vite kva fag han eller ho skal prøvast i, 48 timar før sjølve eksamen. Laurdagar, søndagar, høgtidsdagar og heilagdagar skal ikkje reknast med. Utdanningsdirektoratet fastset dato for melding om trekkfag.
Prøvesvara ved sentralt gitt eksamen skal vurderast av to eksterne sensorar. Dersom det er usemje, skal karakteren avgjerast av ein oppmann.

§ 3—29.  Lokalt gitt eksamen i grunnskolen
Kommunen har ansvaret for gjennomføringa av alle lokale eksamenar. Faglæraren har plikt til å utarbeide forslag til eksamensoppgåver.
Eleven skal få vite kva fag han eller ho skal prøvast i, 48 timar før sjølve eksamen. Laurdagar, søndagar, høgtidsdagar og heilagdagar skal ikkje reknast med.
Eksamen kan organiserast i to delar, der den første delen er ei førebuing og den andre delen er sjølve eksamen. Førebuingsdelen kan vere på inntil 2 dagar og skal normalt ikkje inngå i vurderingsgrunnlaget.
Ramma for eksamen på eksamensdagen skal vere munnleg eksamen på inntil 30 minutt per elev.
Prøvesvara ved lokalt gitt eksamen skal vurderast av to sensorar. Éin av sensorane skal vere ekstern. Den andre sensoren kan vere faglæraren til eleven. Faglæraren har plikt til å delta i vurderinga som sensor. Dersom det er usemje om karakteren, avgjer den eksterne sensoren.
Ved eksamen som krev eksaminator, skal den eine sensoren vere eksaminator. Eksamineringa skal gi elevane høve til å syne kompetanse i så stor del av faget som mogleg. Dersom det er usemje om kva eleven skal prøvast i, er det den eksterne sensoren som avgjer.

§ 3—30.  Lokalt gitt eksamen i vidaregåande opplæring
Fylkeskommunen har ansvaret for gjennomføringa av alle lokalt gitte eksamenar. Faglæraren har plikt til å utarbeide forslag til eksamensoppgåver.
Eleven skal få vite kva fag han eller ho skal prøvast i, 48 timar før sjølve eksamen. Laurdagar, søndagar, høgtidsdagar og heilagdagar skal ikkje reknast med.
Eksamen kan organiserast i to delar der den første delen er ei førebuing og den andre er sjølve eksamen. Førebuingsdelen kan vere på inntil 2 dagar og skal normalt ikkje inngå i vurderingsgrunnlaget.
Rammene for eksamenen på eksamensdagen skal vere:
a)
skriftleg eksamen - inntil 5 timar
b)
munnleg eksamen - inntil 30 minutt per elev eller privatist
c)
munnleg-praktisk eksamen - inntil 45 minutt per elev eller privatist
d)
praktisk eksamen - inntil 5 timar.
Prøvesvara ved lokalt gitt eksamen skal vurderast av to sensorar. Den eine sensoren skal vere ekstern. Den andre sensoren kan vere faglæraren til eleven. Faglæraren har plikt til å delta i vurderinga som sensor. Dersom det er usemje om karakteren, avgjer den eksterne sensoren. Som sensor ved lokalt gitt eksamen i programfag i yrkesfaglege utdanningsprogram kan det også oppnemnast ein fagarbeidar med praksis frå arbeidslivet.
Ved eksamen som krev eksaminator, skal den eine sensoren vere eksaminator. Eksamineringa skal gi elevane høve til å syne kompetanse i så stor del av faget som mogleg. Dersom det er usemje om kva eleven skal prøvast i, er det den eksterne sensoren som avgjer.

§ 3—31.  Hjelpemiddel til eksamen
Eksamenen kan organiserast med eller utan hjelpemiddel. Utdanningsdirektoratet fastset kva for hjelpemiddel som er tillatne i kvart fag ved sentralt gitt eksamen.
Ved lokalt gitt eksamen fastset skoleeigaren kva hjelpemiddel som skal tillatast. Dei tillatne hjelpemidla må ikkje svekkje grunnlaget for å vurdere kompetansen til eleven eller privatisten.

§ 3—32.  Særskild tilrettelegging av eksamen
Elevar og privatistar med behov for særskild tilrettelegging skal kunne få lagt forholda til rette slik at dei kan få vist kompetansen sin ut frå kompetansemåla i fag i læreplanverket. Tiltaka må vere tilpassa behova til eleven og privatisten så langt råd er.
Tiltaka må ikkje føre til at eleven eller privatisten får fordelar framfor andre som ikkje får tilrettelegging ved eksamen. Tilrettelegginga må heller ikkje vere så omfattande at eleven eller privatisten ikkje blir prøvd i kompetansemåla i fag i læreplanverket. Der det i kompetansemåla er kravd skriftlege, munnlege eller praktiske ferdigheiter, er det ikkje høve til å leggje til rette eksamen slik at desse ferdigheitene ikkje blir prøvde, når slik prøving er fastsett i eksamensforma for faget.
Rektor avgjer etter søknad kva for ordningar som skal nyttast for elevar. Avgjerda til rektor er eit enkeltvedtak som kan påklagast til fylkesmannen. Rektor kan krevje uttale frå ein sakkunnig instans. Særskild tilrettelegging av eksamen krev ikkje vedtak om spesialundervisning.
Privatistar må leggje fram ein sakkunnig uttale. Fylkeskommunen avgjer kva slags ordningar for tilrettelegging som skal nyttast. Avgjerda til fylkeskommunen er eit enkeltvedtak som kan påklagast til fylkesmannen.

§ 3—33.  Særskild eksamen for elevar i vidaregåande opplæring
Ein elev som får karakteren 1 i standpunktkarakter i eit fag, har rett til særskild eksamen i faget dersom han eller ho ikkje er trekt ut til eksamen i faget. Det gjeld òg for fag der det ikkje blir halde eksamen ordinært.
Særskild eksamen blir normalt halden samtidig med utsett og ny eksamen.

§ 3—34.  Ny eksamen for elevar i vidaregåande opplæring
Ein elev som får karakteren 1 ved ordinær eksamen, har rett til ny eksamen i faget ved første etterfølgjande eksamen. Eleven beheld då standpunktkarakteren i faget.
Dersom eleven ikkje går opp til første etterfølgjande eksamen, må han eller ho ta faget som privatist, og standpunktvurderinga i faget fell bort.

§ 3-35.  Utsett eksamen for elevar og privatistar i vidaregåande opplæring
Ein elev eller privatist som har dokumentert fråvær ved ordinær eksamen og særskild eksamen, eller ein elev som har dokumentert fråvær ved ny eksamen, har rett til å framstille seg til første etterfølgjande eksamen. Eleven beheld standpunktkarakteren i faget.
Dersom eleven ikkje går opp til første etterfølgjande eksamen, må han eller ho ta faget som privatist, og eventuell standpunktvurdering i faget fell bort.
Fråvær frå eksamen blir rekna som dokumentert når eleven eller privatisten er hindra frå å møte til eksamen, hindringa er uføreseieleg og han eller ho elles ikkje kan lastast for hindringa. Eleven eller privatisten må leggje fram dokumentasjon på dette.
Dersom ein elev har rett til utsett eksamen i trekkfag, skal trekkinga av fag gjerast på ny.

§ 3-36.  Bortvising frå eksamen
Elevar og privatistar skal ikkje hindre eller forstyrre gjennomføringa av eksamenen. Dersom åtferda til ein elev eller ein privatist er i strid med denne føresegna, kan eleven eller privatisten, etter å ha blitt åtvara, visast bort. Bortvising skal avgjerast av rektor sjølv og er eit enkeltvedtak som kan påklagast til fylkesmannen. Eleven eller privatisten skal ha høve til å uttale seg munnleg for rektor før rektor eventuelt fattar enkeltvedtaket om bortvising.
Dersom ein elev i vidaregåande opplæring eller ein privatist får medhald i klagen, har han eller ho rett til ny eksamen ved første etterfølgjande eksamen.

§ 3-37.  Annullering av eksamen
Dersom det er gjort formelle feil ved avviklinga av eksamen, eller dersom eksamen av anna årsak ikkje er avvikla i samsvar med føresegnene, kan Utdanningsdirektoratet annullere eksamen.
Dersom ein elev har vore oppe til eksamen i eit fag der han eller ho ikkje får standpunktkarakter, blir eksamen annullert.
Elevar og privatistar i vidaregåande opplæring som har fått eksamenen sin annullert av Utdanningsdirektoratet, har rett til å gå opp til ny eksamen ved første etterfølgjande eksamen. Utdanningsdirektoratet kan òg gi dispensasjon frå krava til vitnemål i § 3-42 dersom omsynet til elevane tilseier det.
Eksamen i eit fag kan annullerast dersom eleven eller privatisten har fuska eller forsøkt å fuske ved eksamen. Dette gjeld også dersom det er sensorane som oppdagar fusk eller forsøk på fusk. Spørsmålet om annullering av eksamen i faget skal avgjerast av rektor sjølv for elevar. Eleven skal ha høve til å uttale seg munnleg før rektor fattar enkeltvedtak om annullering av eksamen. For privatistar avgjerast spørsmålet av fylkeskommunen. Privatistar skal ha høve til å uttale seg munnleg for fylkeskommunen før enkeltvedtak om annullering av eksamen blir fatta. Eleven eller privatisten har likevel rett til å fullføre eksamen på eksamensdagen. Enkeltvedtak om annullering av eksamen kan påklagast til Fylkesmannen.
For elevar som får eksamen annullert på grunn av fusk eller forsøk på fusk, fell standpunktkarakteren bort.
Dersom eksamen i vidaregåande opplæring blir annullert på grunn av fusk eller forsøk på fusk, kan kandidaten gå opp til eksamen i faget som privatist, tidlegast eitt år etter den annullerte eksamenen.

VI. Dokumentasjon

§ 3-38.  Rett til dokumentasjon
Alle som har fullført grunnopplæringa, har rett til å få opplæringa dokumentert. Elevar som har gått gjennom delar av opplæringa, har krav på å få denne dokumentert.
Utdanningsdirektoratet fastset dei formulara som skal nyttast.
Privatistar, inkludert praksiskandidatar, som har vore oppe til eksamen eller fag- eller sveineprøve, har rett til å få dette dokumentert.
Elevar og privatistar i vidaregåande opplæring som oppnår ny(e) karakter(ar) i fag eller tek nye fag, har rett til ny dokumentasjon.
Dersom dokumentasjonen går tapt, skal det skrivast ut ny dokumentasjon som er så identisk som råd er, men dokumentasjonen skal ikkje tilbakedaterast.

§ 3-39.  Forsvarleg system for føring av karakterar og fråvær
Skoleeigar skal ha eit forsvarleg system for føring av karakterar og fråvær, jf. Opplæringslova § 13-10 første ledd.
Fråvær, halvårsvurdering med karakterar, standpunktkarakterar, eksamenskarakterar og karakterar til fag- og sveineprøva og kompetanseprøva skal førast inn i systemet skoleeigar bruker. Dette gjeld både karakterar i fag og karakterar i orden og åtferd. Karakterane er fastsette når karakterane er førte inn.
Halvårsvurdering med karakter kan ikkje endrast etter at dei er gitt. Standpunktkarakterar og eksamenskarakterar kan endrast etter klage. Føringsfeil skal rettast og attesterast av rektor.
Elevar som blir fritekne for opplæringsplikt etter Opplæringslova § 2-1 fjerde ledd, skal framleis stå oppførte i systemet for føring av karakterar.

Særskild om retten til dokumentasjon av grunnskoleopplæringa

§ 3-40.  Vitnemål i grunnskolen
Alle elevar skal ha vitnemål når dei fullfører grunnskoleopplæringa. Vitnemålet til eleven skal innehalde standpunktkarakterar, eksamenskarakterar og fråvær.
Elevar med samisk i fagkrinsen skal ha vitnemål med norsk og samisk tekst.
Elevar i skole for spesialundervisning og elevar i fengselsundervisning skal få vitnemål frå ein naboskole eller skolen på heimstaden når eleven eller foreldra ber om det. Skoleeigaren i bustadkommunen til eleven skal opplyse om denne retten.
For elevar som ikkje har fått standpunktkarakter i eitt fag fordi grunnlaget for vurdering manglar, skal det ikkje førast karakter i faget på vitnemålet. Det skal då førast på vitnemålet at vurdering ikkje var mogleg. Siste halvårsvurdering med karakter skal ikkje førast som standpunktkarakter.
Elevar som har hatt individuell opplæringsplan, skal få dette ført på vitnemålet dersom eleven eller foreldra ønskjer det.
Elevar som er heilt eller delvis fritekne for vurdering med karakterar, skal ha vitnemål som viser at eleven har fullført grunnskoleopplæringa.

§ 3-41.  Føring av fråvær i grunnskolen
Frå og med 8. årstrinnet skal alt fråvær førast på vitnemålet. Fråvær skal førast i dagar og enkelttimar.
Eleven eller foreldra kan krevje at årsaka til fråværet blir ført på eit vedlegg til vitnemålet. Dette gjeld berre når eleven har lagt fram dokumentasjon på årsaka til fråværet.
Dersom det er mogleg, skal eleven leggje fram dokumentasjon av fråværet frå opplæringa på førehand.
For inntil 14 skoledagar i eit opplæringsår, kan eleven krevje at følgjande fråvær ikkje vert ført på vitnemålet:
a)
dokumentert fråvær som skyldast helsegrunnar
b)
innvilga permisjon etter Opplæringslova § 2-11.

Særskilt om retten til dokumentasjon av vidaregåande opplæring

§ 3-42.  Vitnemål i vidaregåande opplæring
Vitnemål blir gitt som dokumentasjon for bestått opplæringsløp som gir studie- og/eller yrkeskompetanse. Elevar som har samisk i fagkrinsen, skal ha vitnemål med norsk og samisk tekst.
For å få vitnemål må alle fag og eksamenar som skal stå på vitnemålet i samsvar med læreplanverket, vere bestått, med mindre det kan gjerast unntak frå dette kravet med heimel i § 1-11 til § 1-13, § 3-20 til § 3-23, § 3-44 og § 23-1.
Vitnemål for elevar skal skrivast ut av skolen der eleven fullfører og består opplæringa. Nytt vitnemål skal skrivast ut av den skolen som skreiv ut det opphavlege vitnemålet. Fylkeskommunen er ansvarleg for å skrive ut vitnemål til lærlingar og privatistar som ikkje tidlegare har fått vitnemål. For privatistar som tidlegare har fått vitnemål som elev, skal skolen som skreiv ut det opphavlege vitnemålet, også skrive ut nye vitnemål for han eller henne.

§ 3-43.  Førstegongsvitnemål
Førstegongsvitnemål, jf. § 7-2 i forskrift 31. januar 2007 nr. 173 om opptak til høgare utdanning, blir gitt til den som ved utløpet av normal tid i tråd med fastsett opplæringsløp i læreplanverket, har bestått vidaregåande opplæring som gir generell studiekompetanse. Det er mogleg å føre karakterar som er oppnådde etter normal tid ved særskild eksamen etter § 3-33, utsett eksamen etter § 3-35 og ny eksamen etter § 3-36 eller § 3-37 på førstegongsvitnemålet.
Førstegongsvitnemål kan berre skrivast ut éin gong til den personen det gjeld. Det gjeld likevel ikkje dersom vedkommande får endra karakter(ar) på grunnlag av klage.
Elevane kan få ført på førstegongsvitnemålet karakterar som er forbetra innan utløpet av normal tid. Det er mogleg å få ført på karakterar i fag som går utover minstekravet til studiekompetanse, og som er oppnådde innan utløpet av normal tid.
Kravet om gjennomført vidaregåande opplæring på normal tid kan etter søknad bli utvida til maksimalt fem år. Dette gjeld dersom det blir lagt fram skriftleg dokumentasjon på at eleven har vore fråverande frå opplæringa ein lengre periode i løpet av eit opplæringsår på grunn av eitt eller fleire av desse forholda:
a)
vedkommande innanfor denne perioden gjennomfører internasjonal utveksling som medfører tap av opplæringstid
b)
vedkommande innanfor denne perioden gjennomfører folkehøgskole, verneplikt eller i minst seks månader av opplæringsåret utfører omsorgsarbeid
c)
vedkommande har hatt fråvær på grunn av langvarig sjukdom
d)
vedkommande har innanfor denne perioden fått innvilga søknad om omval etter Opplæringslova § 3-1 fjerde ledd
e)
vedkommande har fått rett til ekstra opplæringstid etter reglane i Opplæringslova § 3-1 femte ledd.
Føresegna gjeld og for elevar som hausten 2009 eller tidlegare er tekne inn til vidaregåande opplæring etter læreplanverket over fire år i en kombinasjon med ordinær treårig vidaregåande opplæring og idrettsutøving.

§ 3-44.  Unntak for elevar og lærlingar frå vilkåra for å få vitnemål i yrkesfaglege utdanningsprogram
Elevar og lærlingar i yrkesfaglege utdanningsprogram som har følgt opplæringa, men ikkje bestått i inntil to av fellesfaga som inngår i fag- og timefordelinga for opplæringa, kan likevel i særskilde tilfelle få utferda vitnemål som gir yrkeskompetanse, men ikkje vitnemål som gir generell studiekompetanse. Samtykke til slikt unntak kan bli gitt etter søknad når eleven eller lærlingen
a)
har vore friteken for vurdering med karakter i faget/faga i grunnskolen
b)
har vore friteken for vurdering med karakter i faget/faga i den vidaregåande skolen
c)
har spesifikke lærevanskar, t.d. store lese- og skrivevanskar eller store matematikkvanskar. Slike vanskar kan også vurderast etter at standpunktkarakter er sett eller eksamen har vore gjennomført.
I dei yrkesfaga der det er knytt offentleg nasjonal eller internasjonal sertifisering til eit utferda vitnemål, kan det ikkje gjerast unntak i strid med slike sertifiseringsføresegner.
Før søknader om unntak kan bli behandla, skal det liggje føre dokumentasjon som viser at vilkåra er oppfylte. Dokumentasjonen må vere av nyare dato. Før søknader om unntak etter første ledd bokstav c kan bli behandla, skal det liggje føre ei sakkunnig vurdering. Den pedagogisk-psykologiske tenesta skal sørgje for å få utarbeidd slik vurdering.
Rektor avgjer søknad om unntak i samsvar med vilkåra. Eleven eller lærlingen kan ikkje få førehandstilsegn om unntak etter denne paragrafen.

§ 3-45.  Kompetansebevis
Kompetansebevis blir skrive ut som dokumentasjon for vidaregåande opplæring i dei tilfella der vilkåra for å få vitnemål eller fag- og sveinebrev ikkje er oppfylte.
Kompetansebeviset skal vise kva for standpunkt- og eksamenskarakterar som er oppnådde. I fellesfag der det ikkje skal setjast standpunktkarakter på lågare nivå, jf. læreplanverket, skal halvårsvurderinga med karakter som eleven får ved avslutninga av opplæringsåret, førast på kompetansebeviset. Dette gjeld dersom eleven ikkje fullfører faget på nivået der læreplanverket fastset at standpunktkarakter skal givast. Det skal då førast ein merknad om at karakteren som førast er halvårsvurderinga med karakter. Kompetansebevis blir også skrive ut som dokumentasjon på gjennomgått opplæring i dei tilfella der eleven berre har fått opplæring i delar av eit fag.
For elevar skal kompetansebevis skrivast ut av skolen/skolane der eleven har oppnådd standpunkt- og eksamenskarakterar. Fylkeskommunen er ansvarleg for å skrive ut kompetansebevis for lærlingar, lærekandidatar og privatistar.

§ 3-46.  Føring av karakterar i fag på vitnemål og kompetansebevis
For elevar skal berre standpunktkarakterar og eksamenskarakterar førast på vitnemålet. Det er fastsett i læreplanverket når standpunktkarakter skal fastsetjast. Halvårsvurdering med karakter i fellesfag på lågare nivå skal ikkje førast på vitnemålet.
I dei programfaga som har fleire nivå, skal alle standpunktkarakterar som er oppnådde på kvart nivå, førast på dokumentasjonen.
I fag der det i læreplanverket er fastsett at privatistar kan ta eksamen på høgare nivå og få godskrive faget på lågare nivå, jf. § 3-13, skal eksamenskarakteren/eksamenskarakterane på høgaste nivå førast.
Det er mogleg å få ført på vitnemålet karakterar i fag som går utover minstekravet til studie- eller yrkeskompetanse.
For privatistar skal berre eksamenskarakterar førast på vitnemålet. Eventuelle tidlegare standpunkt- og eksamenskarakterar i faget fell bort når privatisten får eksamenskarakteren ført på vitnemålet.
For elevar som får fritak frå vurdering, jf. § 3-22, men ikkje fritak frå opplæring i skriftleg sidemål, skal det for skriftleg sidemål stå «Delteke» på vitnemålet eller kompetansebeviset, ikkje talkarakter. For privatistar skal det stå «Friteken».
For elevar i vidaregåande opplæring med individuell opplæringsplan som ikkje gir grunnlag for å fastsetje standpunktkarakter, jf. § 3-3, § 3-17 sjette ledd og 3-18, skal kompetansen til eleven dokumenterast på kompetansebeviset.

§ 3-47.  Føring av fråvær i vidaregåande opplæring
Alt fråvær skal førast på vitnemålet og kompetansebeviset. Fråvær skal førast i dagar og enkelttimar.
Rektor kan avgjere om fråvær for den som er deltidselev, skal førast i dagar og timar eller berre i timar. For elevar som skal ha kompetansebevis, skal fråvær førast på kompetansebeviset.
Eleven kan krevje at årsaka til fråværet blir ført på eit vedlegg til vitnemålet eller kompetansebeviset, dersom han eller ho legg fram dokumentasjon på årsaka til fråværet.
Dersom det er mogleg, skal eleven leggje fram dokumentasjon av fråværet frå opplæringa på førehand.
For inntil samanlagt 14 skoledagar i eit opplæringsår, kan ein elev krevje at følgjande fråvær ikkje blir ført på vitnemålet dersom det kan dokumenterast at fråværet skyldast:
a)
helse- og velferdsgrunnar
b)
arbeid som tillitsvald
c)
politisk arbeid
d)
hjelpearbeid
e)
lovpålagt oppmøte
f)
representasjon i arrangement på nasjonalt og internasjonalt nivå.
Organisert studiearbeid og skoleadministrative gjeremål etter avtale med faglæraren eller rektor, skal ikkje reknast som fråvær.
Innanfor ramma av 14 skoledagar kan elevar som er medlemmer av andre trussamfunn enn Den norske kyrkja, krevje at inntil to dagar fråvær som er knytt opp mot ei religiøs høgtid, ikkje blir ført på vitnemålet.

VII. Særskilde føresegner for fag-/sveineprøva og kompetanseprøva

§ 3-48.  Fag- og sveineprøve
Fylkeskommunen har ansvaret for at fag- og sveineprøva blir gjennomført i samsvar med reglane i dette kapitlet og med læreplanen i faget. Fylkeskommunen har ansvaret for at prøvekandidatane er kjende med føresegnene som regulerer prøva.
Fag- og sveineprøva skal som hovudregel gjennomførast ved slutten av opplæringstida og skal normalt vere avslutta seinast innan to månader frå dette tidspunktet.
Prøva skal gjennomførast i den bedrifta lærlingen har hatt hovuddelen av opplæringa. Dersom prøva blir gjennomført i lærebedrifta, skal prøva tilpassast verksemda i bedrifta. Fylkeskommunen kan, etter å ha innhenta råd frå prøvenemnda, bestemme at prøva skal haldast ein annan stad.

§ 3-49.  Kompetanseprøve for lærekandidatar
Fylkeskommunen har ansvaret for at kompetanseprøva blir gjennomført i samsvar med reglane i dette kapitlet og med dei opplæringsmåla som er fastsette for kandidaten, jf. Opplæringslova § 4-4. Fylkeskommunen har ansvaret for at prøvekandidatane er kjende med føresegnene som regulerer prøva.
Kompetanseprøva skal som hovudregel gjennomførast ved slutten av opplæringstida og skal normalt vere avslutta seinast innan to månader frå dette tidspunktet.
Prøva skal gjennomførast i den bedrifta lærekandidaten har hatt hovuddelen av opplæringa. Dersom prøva blir gjennomført i lærebedrifta, skal prøva tilpassast verksemda i bedrifta. Fylkeskommunen kan etter å ha innhenta råd frå prøvenemnda, bestemme at prøva skal haldast ein annan stad.

§ 3-50.  Melding til fag-/sveineprøve og kompetanseprøve
Lærebedrifta eller skolen melder lærlingen eller eleven til fag- eller sveineprøva. Lærebedrifta melder lærekandidaten til kompetanseprøva. Meldinga skal sendast til fylkeskommunen i det fylket der lærekontrakten eller opplæringskontrakten er registrert. For elevar skal meldinga sendast til fylkeskommunen der skolen ligg. Om melding av praksiskandidatar sjå § 3-55.

§ 3-51.  Krav om bestått i fag for å framstille seg til fag- og sveineprøve for lærlingar og elevar
Før fag- eller sveineprøva kan gjennomførast, skal lærlingen eller eleven som hovudregel ha bestått dei faga som er fastsette i fag- og timefordelinga for Vg1, Vg2 og eventuelt Vg3 i skole for vedkommande yrkesfaglege utdanningsprogram. Det same gjeld for eksamen etter § 3-52, § 3-53 og § 3-54.
Lærlingar og elevar som har følgt opplæringa, men ikkje har bestått i inntil to av fellesfaga, kan likevel få framstille seg til fag- eller sveineprøva. Desse lærlingane og elevane må bestå faga innan to år etter at fag- eller sveineprøva er halden, for at fag- eller sveinebrev kan utferdast. Sjå likevel unntak frå dette i § 3-67.

§ 3-52.  Eksamen i læretida for særskilde lærefag
Det kan i læreplanen for det einskilde lærefaget fastsetjast at eleven eller lærlingen skal gå opp til ein eigen eksamen før fag- eller sveineprøva.
Eksamenen blir halden i regi av fylkeskommunen. Eksamenen utarbeidast sentralt og sensurerast lokalt.

§ 3-53.  Eksamen i læretida for særløpsfag
For det einskilde særløpsfaget er det fastsett i læreplanen for opplæring i bedrift at alle skal gå opp til ein eigen eksamen før fag- eller sveineprøva. Lærebedrifta melder lærlingen opp til eksamen. Meldinga skal sendast til fylkeskommunen i det fylket der lærekontrakten er registrert.
Eksamenen blir halden i regi av fylkeskommunen. Eksamenen utarbeidast sentralt og sensurerast lokalt.

§ 3-54.  Vurdering for lærlingar som har lærekontrakt som omfattar opplæring i programfag som er fastsette i fag- og timefordelinga for Vg1, Vg2 og eventuelt Vg3 i skole
Når det i ein lærekontrakt inngår opplæring i programfag som er fastsette i fag- og timefordelinga for Vg1, Vg2 og eventuelt Vg3 i skole, skal lærlingen gå opp til ein eksamen etter nærmare føresegner frå Utdanningsdirektoratet.
Eksamen skal prøve i kva grad lærlingen har nådd kompetansemåla som er fastsette i den læreplanen for opplæring i bedrift som lærlingen har teikna lærekontrakt i.
I lærefag som kjem inn under § 3-52, skal eksamen prøve i kva grad lærlingen har nådd kompetansemåla som er fastsette i programfaga for Vg1, Vg2 og eventuelt Vg3 i skole.
Eksamen blir halden i regi av fylkeskommunen. Eksamen utarbeidast sentralt og sensurerast lokalt.
Lærebedrifta melder lærlingen opp til eksamen. Meldinga skal sendast til fylkeskommunen i det fylket der lærekontrakten er registrert.

§ 3-55.  Særlege føresegner om fag- og sveineprøve for praksiskandidatar
Praksiskandidatar, jf. Opplæringslova § 3-5, må sjølve melde seg til fag- og sveineprøve. Meldinga går til fylkeskommunen innan fristar som fylkeskommunen fastset. Innhaldet i og omfanget av fag- og sveineprøva er fastsett i § 3-57.
Før praksiskandidatar melder seg til fag- eller sveineprøve, skal dei ha bestått ein eigen eksamen etter nærmare føresegner frå Utdanningsdirektoratet.
Eksamen skal prøve i kva grad den einskilte praksiskandidaten har nådd kompetansemåla som er fastsette i den læreplanen for opplæring i bedrift som praksiskandidaten tek sikte på å ta fag- eller sveineprøve i.
I lærefag som kjem inn under § 3-52, skal eksamen prøve i kva grad den einskilte praksiskandidaten har nådd kompetansemåla som er fastsette i programfaga for Vg1, Vg2 og eventuelt Vg3 i skole, og som er relevante for lærefaget. Eksamen skal vere bestått før ein praksiskandidat melder seg til fag- eller sveineprøve.
Eksamen utarbeidast sentralt og sensurerast lokalt.
Dersom prøvenemnda ber om det, kan praksiskandidaten kome med forslag til kvar fag- eller sveineprøva kan haldast, og korleis prøva kan gjennomførast.
Dersom praksiskandidaten ikkje består fag- eller sveineprøva, kan ny prøve tidlegast haldast etter seks månader.
Praksiskandidatar skal betale prøveavgift etter fastsette satsar.

§ 3-56.  Prøvenemnd for fag- og sveineprøve
Prøvenemnda for fag- eller sveineprøva blir oppnemnd og administrert av fylkeskommunen, jf. Opplæringslova § 4-8. Ho skal ha minst to medlemmer som har formell fagleg kompetanse innanfor fagområdet, og så langt det er mogleg, har oppdatert arbeidslivserfaring i faget. Fylkeskommunen skal sikre at det blir tilfredsstillande vurderingsfagleg kompetanse i prøvenemnda.
Fylkeskommunen skal hente inn forslag til medlemmer i prøvenemnda frå partane i arbeidslivet. Fylkeskommunen kan om nødvendig hente inn forslag også frå andre.
Medlemmene må normalt vere eksterne i forhold til lærebedrifta eller skolen der kandidaten har fått opplæring.

§ 3-57.  Innhald i og omfang av fag- og sveineprøva
Prøvenemnda har ansvaret for utforminga av fag- og sveineprøva. Lærebedrifta, eventuelt skolen som alternativ til opplæring i bedrift, kan komme med forslag til arbeidsoppgåver.
Fag- og sveineprøva skal prøve kandidaten sin kompetanse i faget slik denne er beskriven i læreplanen for opplæring i bedrift i lærefaget. Alle kompetansemåla i læreplanen for faget skal kunne prøvast. Arbeidsoppgåvene i prøva skal reflektere krava til fagleg kompetanse. Prøvenemnda har ansvar for at kandidaten sin kompetanse i faget blir prøvd på forsvarleg måte.
Oppgåva skal klart definere innhaldet i det ein forventar av kandidaten sitt arbeid. Innanfor ramma av kompetansemåla i læreplanen skal oppgåva prøve kandidaten i
a)
planlegging av arbeidet og grunngiving for valde løysingar
b)
gjennomføring av eit fagleg arbeid
c)
vurdering av eige prøvearbeid
d)
dokumentasjon av eige prøvearbeid.
Omfanget av prøva skal vere klart definert og innanfor den tidsramma som er fastsett i læreplanen.
Prøvenemnda kan i ein oppsummerande samtale til slutt stille spørsmål til fagleg avklaring.
Oppgåva må utformast slik at ho gir kandidaten reell moglegheit til å utføre eit kvalitetsmessig godt arbeid innanfor fastsett tidsramme. Dei hjelpemidla kandidaten har brukt i læretida, skal kunne nyttast under prøva. Det skal gå tydeleg fram korleis dei ulike delane av prøva skal leverast.
I tillegg til oppgåva, skal prøvenemnda samstundes utarbeide eit grunnlag for vurdering av kandidaten sitt arbeid med fag- eller sveineprøva. Hovudpunkta i grunnlaget skal gjerast klare for kandidaten.

§ 3-58.  Gjennomføring av fag- og sveineprøva
Prøvenemnda skal vere på prøvestaden ved prøvestart og prøveslutt, og skal utføre nødvendig inspeksjon og vurdering av kandidaten sitt arbeid i prøveperioden og ved prøveslutt. Fylkeskommunen er ansvarleg for at det blir ført tilsyn under heile prøva. Prøvenemnda kan ikkje delegere ansvaret for å vurdere kandidaten til tilsynspersonar.
Ved prøvestart skal prøvenemnda levere oppgåva til kandidaten.
Prøvenemnda skal føre protokoll der dei ulike sidene ved prøvegjennomføringa blir dokumenterte. Prøveprotokollen skal vere så utfyllande at han kan gi eit godt bilete av sjølve prøvegjennomføringa i ei eventuell klagebehandling.

§ 3-59.  Vurdering av fag- og sveineprøva
Prøvenemnda skal vurdere kandidaten sin kompetanse slik han er dokumentert gjennom fag- eller sveineprøva, og fastsetje karakter.
Karakteren skal gi uttrykk for i kva grad kandidaten har nådd måla i læreplanen for faget som kandidaten er prøvd i.
Ved vurderinga skal den tredelte skalaen som er fastsett i § 3-4 sjette ledd, brukast.
Fylkeskommunen fastset ved oppnemninga kven av medlemmene i prøvenemnda som skal avgjere karakteren, dersom det er usemje når stemmetalet er likt.

§ 3-60.  Utarbeiding, innhald og vurdering av kompetanseprøva
Fylkeskommunen har ansvaret for at kompetanseprøver blir utarbeidde og vurderte. Lærekandidatane skal prøvast i forhold til dei måla som er fastsette for kandidaten, jf. Opplæringslova § 4-4. Innanfor dei rammene som opplæringsmåla set, skal prøva utarbeidast og gjennomførast etter same prinsipp som for fag- og sveineprøver, jf. § 3-57 og § 3-58.
Karakteren skal gi uttrykk for i kva grad kandidaten har nådd måla som er fastsette for kandidaten.
Ved vurderinga skal den tredelte skalaen som er fastsett i § 3-4 sjette ledd, brukast.
Fylkeskommunen er ansvarleg for at det blir ført protokoll der dei ulike sidene ved prøvegjennomføringa blir dokumenterte. Prøveprotokollen skal vere så utfyllande at han kan gi eit godt bilete av sjølve prøvegjennomføringa i ei eventuell klagebehandling.

§ 3-61.  Oppbevaring av prøvearbeid for fag- og sveineprøva
Er fag- eller sveineprøva ikkje bestått, skal prøvenemnda i samråd med fylkeskommunen syte for oppbevaring av prøvearbeidet. Prøvearbeidet skal så langt råd er, takast vare på slik kandidaten leverte det frå seg. Dersom prøvearbeidet ikkje kan takast vare på, skal det sikrast med fotografi eller ei nøyaktig beskriving med tanke på framlegging i ei eventuell klagebehandling.

§ 3-62.  Ny fag- og sveineprøve og kompetanseprøve
Dersom fag- eller sveineprøva eller kompetanseprøva ikkje er bestått, kan lærlingen, eleven eller lærekandidaten melde seg til ny prøve. Læretida kan eventuelt bli forlengd ved frivillig avtale mellom lærebedrifta og lærlingen eller lærekandidaten. Fylkeskommunen har ansvaret for gjennomføringa av ny fag- eller sveineprøve eller kompetanseprøve. Fylkeskommunen dekkjer utgiftene som lærebedrifta har med å gjennomføre prøva.
Dersom ein praksiskandidat ikkje består fag- eller sveineprøva, kan han eller ho melde seg til ny prøve. Denne kan tidlegast takast seks månader etter prøva som ikkje var bestått. Praksiskandidatar må sjølve melde seg til ny fag- eller sveineprøve og betale ny prøveavgift.

§ 3-63.  Utsett fag-/sveineprøve og kompetanseprøve
Ein lærling, elev, praksiskandidat eller lærekandidat som har dokumentert fråvær ved fag-/sveineprøva eller kompetanseprøva, har rett til å framstille seg til utsett prøve. Utsett prøve skal haldast så snart det er praktisk mogleg.
Fråvær frå prøva blir rekna som dokumentert når lærlingen, lærekandidaten eller praksiskandidaten er hindra frå å stille til prøva, når hindringa er uføreseieleg og han eller ho elles ikkje kan lastast for hindringa. Kandidaten må leggje fram dokumentasjon på dette.
Praksiskandidatar må sjølve melde seg til utsett fag- eller sveineprøve og betale ny prøveavgift.

§ 3-64.  Særleg tilrettelegging av fag-/sveineprøva og kompetanseprøva
Lærlingar, lærekandidatar, elevar eller praksiskandidatar med behov for særskild tilrettelegging skal kunne få forholda lagde til rette slik at dei kan få vist kompetansen sin ut frå kompetansemåla i læreplanen for faget. Fylkeskommunen kan samtykkje i at gjennomføringa av fag-/sveineprøva eller kompetanseprøva blir særskild tilrettelagd. Tiltaka må vere tilpassa behova til lærlingen, lærekandidaten og praksiskandidaten så langt råd er.
Tiltaka må ikkje føre til at lærlingen, lærekandidaten, eleven eller praksiskandidaten får fordelar framfor andre som ikkje får tilrettelegging av prøva. Tilrettelegginga må heller ikkje vere så omfattande at lærlingen, lærekandidaten, eleven eller praksiskandidaten ikkje blir prøvd i kompetansemåla i læreplanen for faget. Der det i kompetansemåla er kravd skriftlege, munnlege eller praktiske ferdigheiter, er det ikkje høve til å leggje til rette prøva slik at desse ferdigheitene ikkje blir prøvde.
Fylkeskommunen avgjer etter søknad kva for ordningar som skal nyttast for lærlingar, lærekandidatar, elevar og praksiskandidatar. Avgjerda til fylkeskommunen er eit enkeltvedtak som kan påklagast etter reglane i forvaltningslova. Fylkeskommunen kan krevje uttale frå ein sakkunnig instans. Særskild tilrettelegging av prøva krev ikkje enkeltvedtak om spesialundervisning.

§ 3-65.  Reaksjonsmåtar ved fusk
Fag-/sveineprøve og kompetanseprøve kan annullerast dersom kandidaten har fuska eller forsøkt å fuske ved prøva.
Spørsmålet om annullering av fag- eller sveineprøva skal avgjerast av prøvenemnda. Fylkeskommunen avgjer kven som kan annullere kompetanseprøva. Lærlingen, lærekandidaten, eleven eller praksiskandidaten skal ha høve til å uttale seg munnleg for den/dei som tek avgjerda, før det blir gjort enkeltvedtak om annullering av prøva. Lærlingen, lærekandidaten, eleven eller praksiskandidaten har likevel rett til å fullføre prøva. Enkeltvedtak om annullering av fag- og sveineprøve eller kompetanseprøve kan påklagast til fylkesmannen.
Dersom fag-/sveineprøva eller kompetanseprøva blir annullert på grunn av fusk eller forsøk på fusk, kan kandidaten gå opp til ny prøve tidlegast eit år etter den annullerte prøva.

§ 3-66.  Bortvising frå fag-/sveineprøva og kompetanseprøva
Lærlingar, lærekandidatar, eleven og praksiskandidatar skal ikkje hindre eller forstyrre gjennomføringa av fag-/sveineprøva eller kompetanseprøva. Dersom åtferda til ein kandidat er i strid med denne føresegna, kan kandidaten etter å ha blitt åtvara, visast bort. Leiaren av prøvenemnda avgjer spørsmålet om bortvising frå fag- og sveineprøva. Fylkeskommunen avgjer kven som kan vise bort kandidatar frå kompetanseprøva. Kandidaten skal ha høve til å uttale seg munnleg for den som tek avgjerda, før det blir gjort enkeltvedtak om bortvising.
Dersom ein kandidat får medhald i klage på bortvising, har han eller ho rett til ny fag-/sveineprøve eller kompetanseprøve.

§ 3-67.  Krav til fag- og sveinebrev
Fag- eller sveinebrev blir utferda som dokumentasjon for bestått fag- eller sveineprøve.
Før fag- eller sveinebrev kan utferdast, må normalt alle relevante fag og eksamenar vere bestått.
I særskilde tilfelle kan fag- eller sveinebrev likevel utferdast til lærlingar og elevar sjølv om dei ikkje har bestått i inntil to av fellesfaga, jf. § 3-51 andre ledd. Samtykke til slikt unntak kan bli gitt når:
a)
lærlingen eller eleven har vore friteken for vurdering med karakter i faget eller faga i grunnskolen
b)
lærlingen eller eleven har vore friteken for vurdering med karakter i faget eller faga i den vidaregåande skolen
c)
lærlingen eller eleven har spesifikke lærevanskar, t.d. store lese- og skrivevanskar eller store matematikkvanskar. Slike vanskar kan også vurderast etter at standpunktkarakteren er sett eller eksamen eller fagprøva er gjennomført.
Før søknader om unntak kan behandlast, skal det liggje føre dokumentasjon som viser at vilkåra er oppfylte. Før søknader om unntak etter punkt c) kan bli behandla, skal det liggje føre ei sakkunnig vurdering frå den pedagogisk-psykologiske tenesta. Fylkeskommunen avgjer søknader om unntak i samsvar med vilkåra ovanfor. Vedtak kan tidlegast gjerast i samband med overgangen til læreforhold. Det kan ikkje bli gitt førehandstilsegn om unntak etter denne føresegna.
Praksiskandidatar er fritekne frå kravet til fellesfag for å få utferda fag- eller sveinebrev.
I dei lærefaga der det er knytt offentleg nasjonal eller internasjonal sertifisering til eit utferda fag- eller sveinebrev, kan ein ikkje gi fritak i strid med slike sertifiseringsføresegner. Dette gjeld både elevar, lærlingar og praksiskandidatar.
Fylkeskommunen skal gjere bedriftene merksame på dei høva til unntak og fritak som en nemnde ovanfor, når det blir teikna kontrakt.
Fylkeskommunen er ansvarleg for utferding av fag- eller sveinebrev.

§ 3-68.  Vitnemål og kompetansebevis
Det skal også utferdast vitnemål som dokumentasjon for bestått fagopplæring, jf. § 3-42. Vitnemålet kjem i tillegg til fag- eller sveinebrev.
Kompetansebevis blir utferda som dokumentasjon for vidaregåande opplæring når vilkåra for å få fag- eller sveinebrev eller vitnemål ikkje er oppfylte. Krava til kva kompetansebeviset skal vise, står i § 3-45.
Kven som er ansvarleg for å utferde vitnemål og kompetansebevis, er regulert i § 3-42 og § 3-45.
Innhold
Kapittel 1. Innhaldet i opplæringa
Kapittel 2. Rapportering og evaluering av opplæringsverksemda
Kapittel 3. Individuell vurdering i grunnskolen og i vidaregåande opplæring
Kapittel 4. Individuell vurdering i grunnopplæring særskild organisert for vaksne
Kapittel 5. Klage på vurdering
Kapittel 6. Inntak til vidaregåande opplæring og formidling av lærlingar og lærekandidatar til lærebedrifter
Kapittel 7. Alternative opplæringsformer i samisk og finsk
Kapittel 8. Ulykkesforsikring for elevar
Kapittel 9. Rådgivande folkerøysting om målform i grunnskolen
Kapittel 10. Skyss av elevar i vidaregåande opplæring
Kapittel 11. Særskilde reglar om fagopplæringa
Kapittel 12. Tryggleik for elevane
Kapittel 13. Oppfølgingstenesta i vidaregåande opplæring
Kapittel 14. Krav til kompetanse ved tilsetjing i undervisningsstilling
Kapittel 15. Krav om politiattest ved tilsetjing i grunnskolen, skolefritidsordninga og den vidaregåande skolen
Kapittel 16. Sakshandsamingsreglar
Kapittel 17. Kravet om språkleg parallellutgåve
Kapittel 18. Kommunen sitt økonomiske ansvar for grunnskoleopplæringa
Kapittel 19. Fylkeskommunen sitt økonomiske ansvar for vidaregåande opplæring
Refusjon av utgifter til opplæring for gjesteelevar som går i fylkeskommunale vidaregåande skolar
Kapittel 20. Foreldreutvalet for grunnskolen
Kapittel 21. Tilgang til skolebibliotek
Kapittel 22. Retten til nødvendig rådgiving
Kapittel 23. Dispensasjon frå forskrifta
Kapittel 24. Innføringstakt for Læreplanverket for Kunnskapsløftet og overgangsordningar frå L97 og Reform 94 til Kunnskapsløftet
Kapittel 25. Ikraftsetjing
  
Ord for dagen
2539
Den store ulempen ved nye bøker er at de hindrer oss i å lese
de gamle.
Joseph Joubert
  
Forskrifter til Opplæringslova
Alfabetisk
Kronologisk